5. mars 2014

Rundtur på Jæren

Tok toget til Stavanger i går, og det var ein heilt grei togur. Mamma kom og henta oss då me var komme fram sånn i halv fire-tida. Hadde ein roleg kveld med ein god del pratin og ein dose rydding, for her driv me enno på med å rydde ut av alle eskene med ting og tang etter at vatnet var på besøk i kjellaren i sommar. Åt ein god frukost i dag før me lånte bilen og tok av garde til Bryne Kro & Hotell. Fine lokale, bra meny og fint uteområde. Etter å ha sett det, tok me turen frå Bryne til Gjesdal for å sjå på Gjesdal Gjestgiveri. Ordentleg kjøretur, berre han og eg. Og nokre sauer som me traff på den smale vegen. Gjestgiveriet overraska oss begge to positivt, så får me sjå kor det blir til slutt. Me har jo enno to stader igjen å sjå (ein i morgon og ein på fredag). Ein god del som skal på plass når ein skal stelle i stand til eit bryllaup, men så er det jo stas også :) På veg heim frå Gjesdal, var me innom Figgjo Fabrikkutsalg, og der hadde dei verkeleg mykje fint i porselen. Kanskje me skal lage ei lita ønskjeliste med porselen frå Figgjo til bryllaupet?! :)

Legg igjen ein fin tanke