10. mars 2014

Reinstorm

Å tusle rundt i byen, titte inn gjennom butikkvindauga, dagdrøyme, plutseleg finne ein fin butikk fylt av gamle klede eller nye klede i ein gammal (retro) stil, det er fint, det. Eg gjorde nemleg det på laurdag då det var så herleg vêr og eg var nede i byen for nokre ærend. Hadde god tid, så eg gjekk rundt og berre kikka. Eg hadde sett på nettet at det var ein ny vintagebutikk som nettopp hadde opna, så eg prøvde å finne den då eg fyrst hadde tida til det. Og eg fann den. Reinstorm. "Reinstorm virvelvintage – nytt og gammelt". Butikken er ikkje den største, men eg kunne gått rundt her i nokre timar, berre sett på alle dei fine kleda, nye som gamle. Herleg atmosfære i butikken med gamle møblar, prikkete ballongar, fine bilete og ikkje minst alle kleda som ein ikkje finn i "vanlege" butikkar. Her kjem eg garantert til å ta turen innom igjen seinare :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Her tenker jeg at du fikk en ide til dekorasjon i bryllupslokalet - ballonger med polkadotter :-))

Silje sa...

"Jeg vil ha en blå ballong...". He, he! Då må ballongane vere blå i så fall, eg skal ikkje ha raude eller rosa ballongar i bryllaupet ;)

Tiril sa...

Så fint tips! Her må jeg se om jeg ikke kan snuble innom en gang ;)

Silje sa...

Reinstorm anbefalast på det varmaste :) Skulle berre ønskje eg hadde litt meir pengar på kontoen, men det får blir neste gong :)

Legg igjen ein fin tanke