3. mar. 2014

Liten tur i regnet

Å gå ein tur ute i regnet er eigentleg ganske så forfriskande. Litt tiltak er det å komme seg ut døra med det vêret ute, men det er jo på ein måte så utruleg herleg å kjenne regnet i håret, trekke inn frisk luft, berre la tankane fare. Det pøste ned her i går, så då ei god veninne av meg lurte på om eg ville vere med ut ein tur, var eg litt skeptisk. Men det var ein stund sidan sist eg såg ho, så eg sa "ja". Tok på meg gode sko og regntøy (i alle fall regnjakke), og me traska rundt ute i nesten ein time. Ein veldig koseleg tur i eit "frykteleg" regnvêr :) Tidlegare i dag var den nye leiaren i korpset innom heimen her for å få litt info og oppdatering. Med det har eg no, sånn heilt på ordentleg, gått av som leiar i Agder Brass. Det har vore eit drøyt år med ein god del utfordringar, gleder og mange fine erfaringar å ha med meg vidare. Fekk også ein kjempefin miniorkidé, så får me berre håpe at me klarar å halde liv i den – trur ingen av oss har særskilt grøne fingrar. Har også fått pakka litt i kofferten, for i morgon tek me toget til Stavanger og skal vere der (eller på Sola då) til fredag :)

0 kommentarer: