9. sep. 2026

Gloppedalsura





I Bjerkreim og Gjesdal, ligg Gloppedalsura, også kalla Nord-Europas største steinrøys. Frå Byrkjedalstunet er det snaue fem minutt til ura, så då var det enkelt å berre ta oss ein svipptur innom då me var der fore halvanna veke sidan. Ein kjenner seg ganske liten i denne røysa. 





Ganske rått å stå der blant alle dei store kampesteinane! Då isbreane smelta bort frå  Gloppedalen for 10 000 år sidan, danna det seg vatn som trengde seg inn i sprekkar, før det fraus p. Sprekkane utvida seg gradvis slik at det danna seg frostsprening. Blant desse steinane var også det eit slag i april 1940 under andre verdskrigen, så her ein får både eldre og nyare historie ein og same plass. 

Legg igjen ein fin tanke