12. juli 2026

Endeleg sommarkjensle






Sola har titta fram heile dagen, sommarkjensla sit i heile kroppen, Eg kjenner eg er klar for ferie no, det skal eg innrømme. Heldigvis ikkje så lenge att no. På jobb er det også færre folk sidan ein del har ferie, og tempoet er generelt litt rolegare. Men for all del, det er nok å gjere, og så har det jo vore fotball-VM. For sjølv om eg ikkje er særskilt interessert, har det ikkje vore mogleg å la vere å få med seg korleis det har gått med det norske landslaget. Natt til måndag klarte eg ikkje å sovne sidan eg visste at dei skulle spele mot Brasil. Og sjølv om det ikkje gjekk heile vegen då dei spelte mot England i går, er det utruleg gøy at dei kom så langt. Verken i går eller i dag hadde me store planar, noko som eg trur me trong begge to. Fallera, denne helga er nesten over og det same gjeld veka:
 
 Agatha Christie skreiv også under pseudonymet Mary Westmacott, og eg las nyleg ei av bøkene
 lese Service of All the Dead, den fjerde Morse-boka (og biletet er frå Oxford i fjor) 
 kontrasten mellom den lyseblå himmelen og dei knallraude heisekranene
 Pudding er ein ordentleg artig pus, og sjå kor liten og "pluffete" han var den fyrste dagen heime 
 for ein fin hund som låg i sola ved vårt nærmaste kjøpesenter 
 endeleg sommar utan altfor mykje vind 
 og derfor kunne sitje ute i hagen og verkeleg nyte julikveldane 
 høgdepunkta frå VM-kampen mellom Noreg og Brasil 
 dra bort målingteipen på jobb og sjå kor rett målingsstreken blei 
 få auge på små, rosa blomar då me traska ein tur i Sørmarka
 morgonsola som laga skugge og ein gul kjole med blomemønster
 humleskilt i Sørmarka, blir glad av å sjå slik frå "kommunen og de" 
 prøve å senke skuldrene no i helga med å ikkje ha så mykje på planen 
 busshaldeplasslesing 
 sommarfarge i ein blome på veg til jobb
 bra kronikk om det å ro ned, sett i lys av VM 
 prøve å lappe ei strømpebukse
 byrje å pakke til ferien 
 solstrålane som skin når eg står og ventar på bussen 
 sjå ferdig den fine franske filmen En fanfare (på engelsk The Marching Band
 ha på meg ein superfin, sommarleg topp som mamma strikka til meg til bursdagen min :) 
 skuggespel i sofakroken i dag tidleg 
 gøy å lese ut den tredje boka serien om bokhandelen ein kan låne for ei viss tid

Legg igjen ein fin tanke