19. juli 2026

Nangijala og Fantastica






Godt å få nyte sommarvêret til det fulle sjølv om eg har vore på jobb. Eg har kvar dag prøvd å komme meg heim litt halvtidleg slik at eg har tid til å vere i hagen. For lesing ein halvtime eller time i ein lun krok ute i vår eigen hage, det er noko som verkeleg gir meg ro og fred. Å kunne gå med kjole eller skjørt utan strømpebukse på jobb, då veit ein at det er sommar, tihi. På tysdag sat eg over tre timar i eit møte med to av kollegaane mine, og sjølv om det høyrest lenge ut, var det eit produktivt møte der me fordelte kontoroppgåver og diskuterte litt kva me treng i administrasjonen. To barnebokklassikarar der begge går føre seg i andre verder er å finne blant sundagslistepunkta:

✦ lese ut finaste Brødrene Løvehjerte i lag med NRKs Leseklubben
✦ sitje ute i hagen med bok, kaffi og ein lussekatt
✦ få kaffibesøk av kjentfolk og dei ei omvising i huset midt i veka
✦ utruleg kul a cappella-versjon av "Seventy Six Trombones" frå The Music Man
✦ fylle lesebrettet med forskjellige bøker
✦ laurdagspizza og nokre episodar av Kongen befaler
✦ humlene og agurkurten i hagen vår
✦ tihi, denne lille pusen som blir vaska av den mykje større hunden 
✦ dahliaane hos naboen når eg går til og frå bussen 
✦ klippe meg sommarkort 
✦ ete på Jordbærpikene tysdagsettermiddag 
✦ må le av KLM sin ro-video som kom leeenge før all VM-roinga ;)
✦ gå barfota i graset og ha på meg vintagekjole 
✦ seks noveller i Du var medvirkende, alle sentrerte rundt Albert og folka i hans liv
✦ kveldssola på eit av soveromma 
✦ Instagramkontoen passegammelt med så mykje stilig retrointeriør 
✦ skuggespel på jobb, inga overrasking at det planteskuggar det går i
✦ fargane inne på lunsjrommet
✦ høyre "I Know Him So Well" frå musikalen Chess på radioen ein av morgonane 
✦ ja, takk til meir litterær turisme 
✦ japanspirea, så rosa og fin på veg til jobb 
✦ sitje ute i lunsjen, drikke kaffi og plukke små gulrøter frå plantekassene 
✦ å endeleg lese klassikaren The Neverending Story av Michael Ende, neste ut er vel filmen

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Noe merkverdig kjent med den "lappeteppekjolen"din. Trodde ikke at den fortsatt var i bruk :-). Men fin er den!

Silje sa...

Kjempefin sommarkjole som er kjekk å bruke når sola slår til :)

Legg igjen ein fin tanke