Eg er nok ikkje aleine om å kjenne at dette har vore ei annleisveke. Å sitje på kontoret og få med meg nyheita om at kong Harald hadde gått bort fredagsmorgon gjorde noko med energien og humøret. Med kjenslene mine ganske langt framme, har eg felt nokre tårer, det skal eg ærleg innrømme. Generelt var produktiviteten eit hakk betre enn førre veke, men fredag blei altså litt rar. Det som har vore fint desse dagane er sola som har titta fram på himmelen i vekedagane, me spelte med orkesteret på tysdag for fyrste gong etter sommarferien og rett etter jobb på fredag, køyrde me av garde til Byrkjedalstunet. Me hadde eit gåvekort på overnatting der, og me fekk ein avslappa kveld og ein bra dag i går med lysstøyperiet og butikken der. Husarbeid, minispasertur og mykje lesing i dag, eg klagar ikkje på ein slik slutt på ei litt rar veke, og meir om den kjem no snart:
✦ liten is og lesing ute i hagen i lag med min betre halvdel
✦ Elizabeth Strout kan det med å skrive, og eg likte godt hennar nyaste bok Det vi aldri sier
✦ klagar ikkje på pizza til lunsj etter eit lengre infomøte saman med alle kollegaane mine
✦ blir aldri lei av å høyre "The Last Goodbye" med Billy Boyd (og den passar kanskje ekstra godt no)
✦ verkeleg kjenne leseglede
✦ sterk lesing frå Orknøyene: The Outrun av Amy Liptrot
✦ altså, kveldslyset no om dagane, mellom anna på kjøleskapet
✦ gleda i å lese den same boka om igjen
✦ kontrastane mellom steingjerdet, det grøne graset og lyset på himmelen på Ullandhaug
✦ marineblått blondeskjørt og vinraud strømpebukse
✦ sjå ferdig Astaire- og Rogers-filmen The Story of Vernon and Irene Castle
✦ Marie Takvams Dansaren frå 1975 var friskare i både språket og tematikken enn det eg forventa
✦ søtaste Olive blei nyleg to år, og her er historia om korleis ho blei ven med Pudding og Onyx
✦ nabolagshagen ved jernaldergarden
✦ høyre på lydbok medan eg skreiv inn tal på tal i Excel
✦ magisk morgonsol
✦ å kunne gå i singlet og ein tynn cardigan i slutten av august
✦ "Da kongen "trollet" dronningen" – å, kong Haralds herlege humor!
✦ alle dei flotte og fargerike lysa inne på lysstøyperiet på Byrkjedalstunet
✦ nytt prosjekt med orkesteret
✦ på vegen heim i går, stakk me innom fine Dirdalstraen gardsutsalg
✦ kosekrimboka Mordene på Yorkshire Moors av Helen Cox, gøy når eg kjenner igjen plassane


Legg igjen ein fin tanke