Til saman såg me tre musikalar då me var på årets interrailtur. Fyrst ut var sjølvaste Jesus Christ Superstar. Dette er, som nemnt både her og her, den musikalen som har vore med meg lengst. Konseptalbumet kom ut i 1970 med Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman i dei største rollene. I mine auge er dette den beste utgåva, for andre er det filmen frå 1973 med Ted Neeley som er den utgåva av musikalen dei liker best. Eller rockeopera, for det er faktisk ingen replikkar.
London Palladium opna i 1910, så det er definitivt eit teater med historie i veggane. Forresten er det litt artig å tenkje på at det er akkurat femtifem år sidan musikalen fyrste gong blei sett opp på ei scene. Versjonen me såg no i London, har Sam Ryder i hovudrolla. Han har ei stemme utan like, versjonen hans av "Gethsemane" er verkeleg ein fryd å høyre på, eg elska den røffe og samstundes minimalistiske scenografien og veldig kult at dei har fått fram elemant frå 60- og 70-talets musikkstil – ein fin heider til konseptalbumet. Dette var ordentleg stort å få med oss!



Legg igjen ein fin tanke