"It was a September evening and all the gaps and clearings in the woods were brimmed up with ruby sunset light." (Anne of Green Gables, L. M. Montgomery). Kanskje ikkje i dag, heller ikkje kvar dag, men september har vore slike kveldar. Magisk lys over naboblokka, solnedgangar som gjorde at eg berre måtte stå ute på balkongen ei stund for å nyte synet, eit par stunder med lesebrettet i fanget og lanterner på bordet. Ein siste haust og september med dette som utsikt, litt rart å tenkje på.
29. sep. 2025
Balkongmagi
"It was a September evening and all the gaps and clearings in the woods were brimmed up with ruby sunset light." (Anne of Green Gables, L. M. Montgomery). Kanskje ikkje i dag, heller ikkje kvar dag, men september har vore slike kveldar. Magisk lys over naboblokka, solnedgangar som gjorde at eg berre måtte stå ute på balkongen ei stund for å nyte synet, eit par stunder med lesebrettet i fanget og lanterner på bordet. Ein siste haust og september med dette som utsikt, litt rart å tenkje på.
Merkelapp
foto,
kvardag,
tankar og skribleri
28. sep. 2025
Lurer på om eg må syngje "Sol ute, sol inne..."
Sol, solstrålar, morgonsol og kveldssol. Veka veldig kort oppsummert, for septembersola har verkeleg vist seg frå si aller beste side her i byen dei siste dagane. Både spasering og sykling til og frå jobb har fått meg til å smile, og sjølv om det har vore mykje å gjere på jobb (det er sjeldan me har så mange esker og pallar med varer inne i butikken på ei og same tid), har eg klart å glede meg over finvêret. Lesinga har eg også funne mykje glede i – eg har lese fleire gode og kjekke bøker i det siste – og no i helga har me komme eit godt stykke vidare på pakkinga. Me har også slappa av med flytetanktime, kjekk film, og tidlegare i dag gjekk eg ein liten tur rundt Mosvatnet med ei av mine beste veninner (med ein kaffipause ved kunstmuseet). Praten gjekk i eitt og det var eit par timar i eit veldig godt selskap, set utruleg pris på slike stunder. Apropos fine og kjekke stunder:
✦ nyleg las eg ut klassikaren Alice in Wonderland, og omslaget på boka er så vakkert
✦ kaffi og noko attåt på kunstmuseet med ei god veninne
✦ fuglesong på veg til jobb
✦ Miranda er ute med boka si, og i denne videoen får me eit lite glimt av boklanseringa
✦ Studio Ghibli-filmen My Neighbor Totoro, kjekt å sjå den om igjen!
✦ fortsetje å pakke ned tinga våre i flytteesker
✦ ordentleg fin pelsdott
✦ Studio Ghibli-filmen My Neighbor Totoro, kjekt å sjå den om igjen!
✦ fortsetje å pakke ned tinga våre i flytteesker
✦ ordentleg fin pelsdott
✦ fargerike motiv i øvingslokalet der me øver med orkesteret
✦ morgonsola ved jobb
✦ Édouard Louis skriv så himla skarpt og godt, og Kollaps var tøff lesing
✦ Lucy sine papirkreasjonar er heilt unike og nesten magiske
✦ slappe av med parflyt i ein flytetank hos Jæren flytesenter
✦ lesing på veg til jobb med haustfargane som har byrja å poppe fram
✦ etter ein regntung måndag, gjorde det ekstra godt med ein solfylt tysdag
✦ etter ein regntung måndag, gjorde det ekstra godt med ein solfylt tysdag
✦ å, hallo, sjå desse små, supernusselege pusane som får helse på ein kjempesnill hund
✦ balkonglesing om ettermiddagane
✦ og før kaffidate på kunstmuseet: herleg luftetur med ho veninna mi
✦ for nokre solnedgangar me har fått oppleve i september – trass regntunge dagar
✦ heimelaga latte og bok nr. seks i krimserien Shetland med Jimmy Perez i spissen
Merkelapp
sundagsliste
26. sep. 2025
Langs Hadrian's Wall
Hadrian's Wall, eller Hadrians mur på norsk. Muren blei bygga av romarane i tidsommet 122-128, og var på den tida grensa mellom den romerske provinsen Britannia og riket til piktarane, ei folkegruppe i det som no er Skottland. Muren var 117 kilometer, og sjølv om mykje av den ikkje finst lenger, er det andre delar som er godt bevart. Frå 1987 er den ein del av UNESCOs verdsarvliste. Ganske tidleg langs ruta me gjekk, møtte me fine kyr som nesten kom bort og sa "hei" til oss.
Storslått syn å sjå muren berre fortsetje og fortsetje og fortsetje. Ruinane etter eit fort fekk me også auge på, verre var det med det kjente Sycamore Gap Tree. I 2023 blei det nemleg ulovleg felt, og det er no berre stubben som står igjen. Heldigvis har det etter kvart byrja å gro (men nei, det er ikkje det lille treet eg har tatt bilete av rett i nærleiken, så fort gror det nok ikkje dessverre). Både kantete og bratte fjellveggar og mjuke og fine sauar – det er i alle fall ikkje mangel på sauar i dette området ;)
På veg tilbake, gjekk me ein litt annan veg slik at i staden for å gå tett langs sjølve muren, gjekk me på grøne jorde og såg muren på avstand; ruta var så å seie ein slags rundtur. Rart å sjå kor liten muren blei då me stod på det eine jordet og såg opp på fjellryggen. Små blomar overalt, ei lita kråke sat på eit steingjerde og følgde med og sauane låg og slappa av. Til saman gjekk me dryge sju kilometer før me kom tilbake til parkeringa, ein god og historisk gåtur i nordengelsk landskap.
24. sep. 2025
Bokminne og andre suvenirar
Som vanleg fann eg fleire flotte postkort og pins då me var på ferie i sommar, i tillegg til eit par andre suvenirar. Noko er allereie pakka ned i esker, og eg gleder meg til å pakke opp og finne plass til dei i lag med andre små suvenirar (me har til dømes ei fin settekasse som eg håper me får opp på veggen i den nye heimen). Fuglesmykket har eg brukt eit par gongar på jobb og fått skryt for, så det er blitt ein ny favoritt, og det sekskanta armbandet er superstilig. To sokkepar, eit med lundefuglar og eit med raudstrupar, har eg også tatt i bruk, det same med dei fargerike øyredobbane laga av taguanøtt. Eplet er av padauktre og er forma av ein tredreiar ved Batsford Arboretum. I år som i fjor, fann eg ein liten haug med bøker som fekk bli med heim i bagasjen, mellom anna fjerde bok om inspektør Morse og eit par gode klassikarar. Den gule boka er ei Maigret-bok av Georges Simenon, og den fann eg på eit superkult antikvariat! Rett og slett gode minne frå ein kjempekjekk ferie!
23. sep. 2025
The Sill
Tysdag for nøyaktig åtte veker sidan, var me ute på ein lang vandretur. Etter å ha ete ein kjempegod frukost på The Old Schol House, pakka me tinga våre og køyrde det lille stykket til besøkssenteret The Sill. Nokre av småvegane er som tatt ut frå ein Postmanm Pat-episode: sauar overalt langs smale og humpete vegar (hugsar det også frå turen vår til Yorkshire i 2018). The Sill har kafé, suvenirbutikk, ei eiga vandrarheim og ikkje minst all informasjon ein treng å vite når ein skal gå langs den kjende muren og generelt i Northumberland nasjonalpark. Me utforska senteret, titta litt i butikken og såg oss ut ei rute me ville gå, og om du lurer: ja, turbileta får eit eiga innlegg ;)
Nytta sjansen til å gå på taket der det er flott utsikt over området. Etter å ha gått sjølve turen, unna me oss cappuccino og kjeks medan me las litt i kvar vår bok; lesebretta våre blei flittig brukte i løpet av dei dryge to vekene me var på interrailferie. Sidan køyrde me langs dei grøne heiene vidare nord.
21. sep. 2025
Lånt jord på stormfulle høgder
Når me ikkje er på jobb eller speler med orkesteret eller les eller liknande, pakkar me tinga våre ned i esker. Rart å sjå kor tomt det byrjar å bli her i leilegheita. Me skal jo bu her i ein god månad til, så det er jo om å gjere å ikkje la det bli heilt tomt slik at det er ukoseleg å vere her. Men oktober kjem til å gå fort, og dimed bør me jo ha ein viss pakkeprogresjon ;) Fint å senke skuldrene med lesestundar ute på balkongen, gå eller sykle til jobb og sundagsmiddag heime på Sola. Måndag var tung, det skjedde mykje rart på jobb, men det kom seg heldigvis utover veka. Og så er ei ny veke i gong igjen i morgon. Som vanleg har eg lese fleire gode bøker, funne glede i det eg ser ute og endå litt meir:
✦ som eg koser meg med å lese klassikarar, den siste ut var Wuthering Heights av Emily Brontë
✦ tenk at me to kveldar har hatt lesestund ute på balkongen med lys i lanternene
✦ Scott Prestons Lånt jord var ei så bra og røff bok om munn- og klovjsuka i Cumbria på 2000-talet
✦ sesong fem av Slow Horses er snart ute, og den høyrest veldig bra ut!
✦ komlemiddag og heimelaga is på Sola no i ettermiddag
✦ og det var gøy å spele eit lite slag "UNO Flip" før me drog heim
✦ sjå resten av Last Night of the Proms medan me pakka eit par esker
✦ på veg til orkesterøvinga på tysdag, fekk eg sjå eit heilt magisk kveldslys gjennom bilruta
✦ litt artig å lese boka How to be Norwegian av Lorelou Desjardins
✦ medan eg småpakkar, er det kjekt å høyre Leseklubbens podcast med Markens grøde
✦ gul og liten grøftekantsbukett
✦ høyre på lydbok medan eg vaska golvet på jobb
✦ ei kjekk tysdagsøving i lag med dei andre i orkesteret
✦ sjølv om me ikkje har plass til mange bokhyller, er det noko ved det å hente inspirasjon
✦ å høyre "Unchained Melody" på radioen ein morgon
✦ alltid kjekt å prise klassikarar, til dømes både Dracula og The Count of Monte Cristo
✦ få flott skryt frå ein eldre kunde som sjølv har stått bak disk i fleire år
✦ å, berre sjå kor liten denne pusen er og kor snill hunden er med den
✦ surdeigspizza
✦ veit ikkje om eg liker at det blir mørkare om kvelden, men litt stemning med lys i lyktestolpen
✦ stikke innom bruktbutikken Røverkjøp
✦ heimelaga latte og bok nr. to i serien om inspektør Morse og Lewis: Last Seen Wearing
Merkelapp
sundagsliste
19. sep. 2025
The Old School House
Sidan 2019 har det vore eit lite vertshus i dette gamle skulebygget frå ca. 1870, og det var altså ved The Old School House i Haltwhistle at me overnatta den fyrste natta i Northumberland. Kate og Ian er utruleg hyggelege, og me kjente oss velkomne med ein gong me kom inn døra. Vertshuset har berre fem soverom, så særskilt stort er det ikkje, men for ein superkoseleg plass! Oppe på rommet, stod det god, heimelaga appelsinkake då me kom, og me laga oss te ved sidan av. Frukosten dagen etterpå kunne me heller ikkje klage på: me bestilte frå ein meny det me ville ha, og så stod dei og laga det medan me prata me eit par av dei andre som budde der. For sjølv om ein skriv seg på frukostlista slik at ikkje alle må ha mat samstundes, ender ein med å sitje litt i lag med dei andre, og i dette huset var det heilt naturleg å slå av ein prat, sjølv for oss introverte nordmenn.
Rommet me budde på var flott, men det som var det aller beste med The Old School House, var den koselege fellesstova som ein møtte med ein gong ein gjekk inn hovuddøra. Altså, dei låge, fine bokhyllene fulle av turbøker for området, lenestolane, den store peisen og berre heile stilen og atmosfæren. Etter å ha gått litt rundt i landsbyen, kjøpte me med oss litt mat, åt den ved matbordet, og resten av kvelden sat me i stova og las (eg las i ei Vera-bok, for det må ein jo i dette området). Slik såg vår fyrste kveld i Northumberland ut, ein avslappa kveld i eit gammalt skulebygg.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)










