29. des. 2024

Sundagsliste = romjulsliste





Vel er det kanskje ikkje juleferie når ein jobbar i butikk, men det har likevel vore jul. Eg har prøvd å slappe av i desse romjulsdagane, og innimellom har eg klart det (er ikkje like enkelt når ein måtte jobbe på årets store byttedag). I tillegg jobba eg kveld lille julaftan, noko eg ikkje pleier å gjere og det gjorde at eg i alle fall den dagen hadde litt mindre julestemning. Heldigvis fekk me tid til å ete graut og pynte juletreet i lag med familien tidlegare på dagen. Starta julaftan her heime i sofaen under dyna, og sidan feira me julekvelden og juledagane på Sola. Godt å vere saman med godgjengen, lese mykje, gå ein tur, spele spel og prøve å senke tempoet. I går åt me laurdagsfrukost hos eit venepar, og med mykje prat og ein lang quiz, blei me der i ein del timar. Og me fekk treffe Sigrun, den nye katten deira. Dagen i dag har vore superroleg, det gjer så godt å berre krype under eit teppe med ei julebok medan det regnar ute. I morgon er det ei ny kveldsvakt, og snart er det faktisk eit nytt år. Skulle gjerne hatt fri nokre dagar til, men om ikkje anna har det vore mykje fint desse juledagane:
 
koseleg å lese forskjellige juleforteljingar henta frå Astrid Lindgrens bøker
oppleve ein så vakker solnedgang på veg til jobb lille julaftan, rett og slett sukk...
adventsstjerna i vindauget, særskilt på desse regntunge romjulsdagane
starte julaftan med lesing under dyna (og så klart kaffi og kransekakestong)
to store hundar som passar på ein gjeng små kattar
og når me snakkar om julaftan: så klart sjå Tre nøtter til Askepott og Reisen til julestjernen
laurdagsfrukost hos eit venepar med noko for ein kvar smak, quiz og mykje prat 
sjå finalen av Harry Potter: Wizards of Baking, det er heilt utruleg alt det dei kan bake!
få helse på Sigrun, ein litt rampete sjarmør i pels 
romjulsdagar med familien og me spelte kjekke spel, las i bøker og hadde quiz om kveldane
lese Christmas Miracles at Hedgehog Hollow av Jessica Redland, den siste boka i den fine serien
sollyset som skein inn gjennom vindauget og inn i stova vår i byrjinga av veka
høyre "One Night in Bangkok" i bilen på veg til jueltrepynting lille julaftan 
å, sjå på Olive, ho er så himla søt!
juledagstur rundt Åsenløypa og ved Åsenbatteriet
Zalo var heilt i hundre gjennom jula, og bittelitt klementin var noko han syntest var veldig godt
er så glad i den knallraude julekjolen min 
laurdagspizza og The Addams Family (1991)
vinterstemninga i Northumberland National Park og Kielder Forest, heilt magisk!
litt lite bilete, men kjekt å lese The Secret Christmas Bookshop av Cressida McLaughlin
ha på meg min kongeblå blondekjole til middagen fyrste juledag
Sue Moorcrofts Christmas Wishes var ei innmari fin julebok
at fleire av julegåvene eg gav, fall i smak

Legg igjen ein fin tanke