26. des. 2024

Luftig historietime

 


Tre feriedagar er allereie over, og me er no tilbake i leilegheita vår i Stavanger etter å ha feira jula heime på Sola. Jul med familien, ein gul og kul fugl, mykje spel, lesing og ordentleg hygge, og ein del av det har eg fanga med kameraet. Men no i kveld blir det berre bilete frå ein liten tur i Åsenløypa og ved Åsenbatteriet. I går var nemleg mannen min, broremann og eg ute på ein liten 1. juledagstur. Som eg skreiv i dette innlegget for ei god stund sidan, synest eg framleis at nokre av dei sytten freda bygga kan likne på dei koselege husa i Hobsyssel. På langt nær like koselege, men det er eit eller anna med dei der dei ligg lågt i terrenget, med strå og gras på taket, som små hus og hytter.
 




Sjølv om dei sånn sett ligg lågt i terrenget, ligg batteriområdet oppe på ein topp, altså på Åsen. Dette er restar etter andre verdskrigen, og det blei bygd av tyskarane for å forsvare flyplassane på Sola og Forus mot engelske luftangrep. Står ein oppå murane, kan ein få ein bra utsikt over Forus, og alle tre syntest det var godt å bevege på oss etter juledagsfrukosten. Rart å vite at det i nærleiken av barndomsheimen vår finst eit slikt historisk område. Ein spasertur med hint av historietime.

Legg igjen ein fin tanke