Tidlegare i dag var eg ute på ein liten tur i lag med ei god veninne. Koseleg å berre gå og prate ein times tid om alt og ingenting. For ein liten månad sidan, opna turstien rundt Vannassen igjen etter eit år med anleggsarbeid og rehabilitering. Lyset over vatnet var skarpt og klart, og det låg der heilt blikkstille. Fekk auge på små restar av haustfargar innimellom. Sjølve demningane er breiare etter arbeidet, og dei ligg omtrent ein meter høgare enn før. Berre eit par små bilete frå dagens tur.
Legg igjen ein fin tanke