Julemusikklista mi har stått på store delar av dagen medan eg har slappa av med ei bok. Adventslyset var tent då me åt frukost, og stjerna i vindauget lyser opp stova. Treng slike lysande element, for dagen i dag har vore ordentleg gufsen ute med vind og pisking av regn på ruta. Ein nokså grå start på desember med andre ord, heldigvis har eg nok lesestoff. Supertravel veke på jobb, det skal vere sikkert og visst, men det er då eg finn ekstra mykje glede i å gå til jobb (må nyte dagslyset medan eg kan), få skryt for god service, komme heim til middag og fleire lesestundar. Og alltid gøy når fyrste desember og fyrste sundag i advent hamnar på same dag. Om ikkje lenge, er det på tide å seie "god natt", og eg avrundar kvelden med ei liste av kjekke ting også denne sundagen:
✦ tenne det fyrste adventslyset og byrje å pynte til jul
✦ prate med ein kunde om Anne of Green Gables
✦ bra hovudroller i Wicked på Folketeateret: Sanne Kvitnes og Alexandra Rota
✦ november var ein del regn, men også morgonar med dis på graset og varmt haustlys
✦ julekula frå Snøfall lyser fint opp det eine bordet på jobb
✦ skuggespel og arkitektur om kvarandre
✦ blir glad av å sjå at det er nokre tre som framleis har små haustbald på greinene
✦ sommarleg feelgood frå eit lite italiensk hotel, altså The Little Italian Hotel av Phaedra Patrick
✦ alle burde lese denne artikkelen om folkeskikk (eller mangelen på det) når ein handlar i butikkar✦ ha, ha, eg har humra høgt for meg sjølv medan eg las Are Kalvøs Berre bønder lengtar heim!
✦ siste glimt av novembersola då eg gjekk til jobb på onsdag
✦ laurdagspizza og film med mannen min og broremann
✦ novembersola inne hos Ei blå stugu – tre flotte og stemningsfulle bilete frå siste del av november
✦ få fullstending latterkrampe då me spelte "Exploding Kittens" etter pizzaen i går
✦ pusle ferdig det søtaste puslespelet
✦ lære meir om sjøsamar, koftebruk og tradisjonar i Kofta og jeg av Beate Bursta
✦ endå ein bra fangst på REKO-ringern
✦ vere nøgd med lengda på håret etter at eg klippa meg førre veke
✦ sesongens fyrste julebok: A White Christmas on Winter Street av Sue Moorcroft
Legg igjen ein fin tanke