4. des. 2024

By eller bygd, stort eller smått?


Kva er best av bygd og by? Ønskjer ein det store eller det små? Vel, det kjem jo så klart an på auget som ser, men i boka Berre bønder lengtar heim gjer Are Kalvø eit forsøk på å avgjere dette ein gong for alle ved å bu ein månad på Utsira, den minste kommunen i Noreg, og ein månad i London. Tihi, som eg har humra av denne boka! Ein av dagane eg sat og las i den, koste eg meg med heimelaga kaffe latte og scones, det blir jo ikkje betre enn det ;) Samanlikningane mellom dei to forskjellige plassane, stereotypiane og TOMFF-skjemaet, alt det rare dei kjem borti (sikkert litt overdrive, men lell) – ei slik bok som lettar haust- og vinterhumøret betrakteleg. Og det var så mange herlege skildringar og setningar som eg la ekstra godt merke til, at eg måtte ha dei med her:
 
"Store byar, til og med store byar du aldri har vore i før, kan vere fulle av minne. Fordi der ligg den kafeen som var med i den scena i den filmen, og der er namnet på den gata der den hendinga skjedde, du hugsar kvar du var då du såg det på tv. Ein tur i London, langs og rett ved Themsen, sett i gang langt fleire minne frå livet mitt enn turar i gater der eg faktisk har levd dette livet." (s. 279)
 
"Vi har tatt på oss kvar vår sirabunad og er klare for båttur med naboen. Vi har fått kvar vår termos med kaffi. På dette tidspunktet trur eg vi har anslagsvis førti prosent filterkaffi i blodet. I vinduet sitt Kalle, Baby, Sludd og dei andre kattane og ser på oss.
Eg prøver å kjenne på fridommen på båtturen. Eg er usikker på kor fri eg kjenner meg. Først og fremst sitt eg her og tenker at vår båt er så liten og havet så stort, og då har du det gåande. Og så tenker eg at å drikke filterkaffi frå termos i båt i bevegelse kanskje er bygdas svar på å drikke cortado ruslande i byen." (s. 187)

"Vi ser sel.
Vi ser faen meg sel. Ein heil koloni av dei som ligg og veltar seg i vatnet og sløvar på steinane. Og der! blei eg interessert i dyrelivet på Utsira. Eg liker sel, innser eg plutselig. Kontaktsøkaren også. Vi tek bilde og filmar og peiker og ler som barn." (s. 187)
 
"Når vi er heime, fleire timar før kvissprogrammet begynner, oppsummerer Kontaktsøkaren med at no har vi sett alle attraksjonane på øya. Ho seier ikkje «Og vi har framleis tre og ei halv veke igjen», men eg høyrer at det ligg der.
Vi har begge ofte snakka om kor gjerne vi skulle hatt meir tid til å berre sitte i ein sofa og lese ei bok.
No har vi ganske mykje tid til det.
Og det viser seg at det å berre sitte i ein sofa og lese ei bok faktisk kan vere ganske kjedelig." (s 121) 

"Du tek det du har. Og viss du ikkje har så mykje, må du finne på noko. Og viss det du har, er at plassen din liknar på ein annan plass, så bruker du det. Det er for eksempel i skrivande stund minst åtte forskjellige plassar i Norge som kallar seg Norges Venezia. Og eg er ganske sikker på at det også finst eit Belgias Venezia, eit Tsjekkias Venezia. For slike lokale profileringsframstøt er sjølvsagt ikkje noko unikt norsk.
På Isle of Anglesey nordvest i Wales ligg Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch. Tidligare var landsbyen kjent under det enkle og greie namnet Pwllgwyngyll. Det blir påstått at namnet blei forlenga på 1860-talet som eit PR-stunt, for at landsbyen skulle tiltrekke seg merksemd og turistar ved å ha det lengste stasjonsnamnet på ein togstasjon i Storbritannia. Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch har framleis det lengste stadnamnet i Storbritannia, og eitt av dei lengste i verden, og tek no imot noko slikt som to hundre tusen turistar i året." (s. 103)

Legg igjen ein fin tanke