6. juni 2023

Jærsk sundagsutflukt



Glad for at me kom oss utanfor døra i går sjølv om me begge var litt forkjøla. Kjente at eg fekk litt energi av å helse på desse søtnosane ute på Vitengarden. Me køyrde ut for stikke innom både garden, museet og butikken (og for dei som lurer: Vitengarden er ein del av Jærmuseet slik også Vitenfabrikken er). Smelta av kopplamma som gjerne ville helse på oss og bli klappa, og ulla deira var så god og mjuk. Grisungane inne i bingen ville det også helse litt på. Å, dei er framleis skjønne sjølv om dei har vekse raskt på berre halvannan månad. Knallsøte kyllingar har dei også der ute!










Rakk ikkje over alle installasjonane i går, dyra var jo det viktigaste, men det var no kult å sjå korleis ein hadde det heime tidleg på og i midten av 1900-talet. Sjekk ut krukkene for sukker og kveitemjøl, gamle trereiskap, kaffikverna på den eine hylla og eit herleg, gammalt kjøleskap. I kjellaren er det ein stor hall full av gamle traktorar. Eg er ikkje ein ekspert på dette køyretøyet, likevel blei eg fascinert over å alle dei forskjellige fargane og modellane og den generelle utviklinga.





På veg heim stoppa me innom MingarWalker Glassblåseri, og eg blir aldri lei av å sjå alt det fine dei lagar av glas. Alle dei flotte fargane og stilige formene på alt frå drikkeglas til telyshaldarar, og som eg skreiv førre gong: dette er ein ordentleg snopebutikk! Berre sjå graskara! Stoppa også ved Skjævelandsbrua. Har køyrt forbi skiltet "Gammel steinbru" mange gongar, men aldri tatt av hovudvegen for å sjå kva den brua er. Brua går over Figgjoelva og var den fyrste i Rogaland som var bygd for køyretøy. Litt lokalhistorie blei det altså på oss begge to i løpet av sundagens lille utflukt.

Legg igjen ein fin tanke