4. juni 2023

Bokgleder når ein er forkjøla




Trass fint vêr både i går og i dag, har me ikkje vore noko særskilt ute. Ikkje lenge sidan sist me var forkjøla, men jaggu meg er det sår hals og tett nase no igjen. Har heldigvis ikkje vore så ille at det ikkje gjekk an å vere på jobb, og me kom oss no ut på ein liten utflukt i dag om ikkje anna. Til Nærbø ikkje mindre der me besøkte Vitengarden og eit glasblåseri. Lesing og avslapping var einaste planen i går. Dagane på jobb har gått fort med fleire skuleklassar og barnehagar innom, dimed har me hatt nok å gjere. Mannen min var i Bergen midt i veka med jobb, og eg var aleine heime. Heilt greitt å ikkje ha noko på programmet då forkjølinga slo til. Og det var det. Litt av mai og litt av juni:
 
✦ å lese den femte boka i Den magiske bokhandelen-serien, dei bøkene er så kjekke
✦ bussjåfør som ropte "ha ein fin dag" høgt til alle som gjekk av bakerst i bussen
✦ rosa og varm solnedgang 
✦ lille pusen Millie
✦ laurdagstaco og filmen Knock on Wood med Danny Kaye, lo godt av denne og denne scena
✦ ikkje den beste dikstamlinga eg har lese, men for ei flott omslag på boka (du veit: kongeblå!)
✦ stor og nydeleg bukett som eg fekk av mannen min på bryllaupsdagen vår 
✦ Rune Nilson med dialektkartet og språkuniform på Eides språksjov (start på tretti min)
✦ måndag var jo fri, og då fann me lussekattar i frysaren som me hadde attåt kaffien 
✦ gleder meg til å etter kvart sjå siste sesong av Happy Valley, god melding har den også fått
✦ stornøgd med den nye sommartoppen strikka i Markagarn frå Oslo Mikrospinneri
✦ kanskje litt klisjéaktig, men samstundes ei herleg bok frå Jojo Moyes: I dine sko
✦ tihi, her var det både små og store pusar i tillegg til ein liten hund 
✦ både kvite og rosa rhododendron rett ved sidan av kvarandre 
✦ hente ein haug med bøker på biblioteket, for det er alltid ei sann glede!
✦ artig å lese at gullgruvene på Bømlo har fått Unesco-status
✦ sollyset som skein på boka eg las på veg til jobb
✦ skuggespel på det fargerike teppegolvet ved dominobanen på jobb 
✦ Jonnas nyaste vlog, for ein jobb ho gjer med det nye studioet
✦ ta ein tur ut til Nærbø og Vitengarden med både dyr, fin butikk og stilige traktorar
✦ sundagshygge etter sundagsutflukt: kryssord, kaffi og noko søtt til kaffien i lag med han der fine

Legg igjen ein fin tanke