11. juni 2023

Båttur med jobben og konserthelg med orkesteret




Lei av å vere forkjøla no. Me har ikkje hatt det superille, men at det er ei seigliva forkjøling, det skal vere sikkert og visst. Søvnen blir liksom ikkje den same når ein er småtett i nasen og er gåen i halsen. Elles då? Mykje orkester denne veka med øving på tysdag og i går og sidan ein konsert i dag. Det blei ganske bra til slutt ;) Har ikkje fått nytta at vêret har vore superbra i helga på grunn av orkesterspeling, men eg har no fått vore ute på balkongen med ei god bok litt innimellom. På måndag var eg jo i tillegg ute på båttur med jobben og hadde etterpå god lunsj på Hummeren Hotell. Juni er godt i gong, årets fyrste sommarmånad. Håper du har hatt ei fin veke, her er meir av mi:
 
sundagsformiddag med lesing og kryssord før orkesterøving
å lese Det synger i gresset av Doris Lessing var verkeleg som å dra sytti år tilbake i tid
rhododendron i flotte fargar rett ved Sandnes kirke som eg går forbi kvar dag når eg skal på jobb
solstrålar og lesetid på togperrongen om morgonane
traileren til sesong 2 av Good Omens er no ute (og gjett om eg gleder meg til å sjå sesongen?!) 
og sidan andre sesong kjem snart: i går byrja me å sjå den fyrste sesongen for ørtande gong ;)
tida har stått stille inn på båten Gamle Oksøy
mine to nye armband i ordentlege sommarfargar
Danmark med strandliv, hjortepark og magiske soloppgangar inne hos Niina
blinkande blålys og to politisyklar på veg inn til Øglænd-utstillinga på Vitenfabrikken
lille geita Ophelia som møter gardskatten for fyrste gong
litt kaldt, men likevel sol og blå himmel då me var ute på båttur med jobben måndag
kjekt å spele konsert i lag med orkesteret no i kveld
ta ein titt på IG-kontoen til Lisa som er bokbindar – så mange nydelege bokomslag!
The Sky Blues av Robbie Couch er både ei tøff og bra bok, perfekt til Pride-månaden
kjem ikkje heilt over kor flott all glaskunsten til MingarWalker Glassblåseri er 
lukta av nybakt brød rett før ei ny veke
ein himmel så blå, så blå
artig å lese vidare om venegjengen i Bright Falls med boka Astrid Parker Doesn't Fail
byrje å tenkje på å ta ein togtur til Finland i sommar

Legg igjen ein fin tanke