21. juni 2023

Latterkrampe under ei stor bjørk


Kvart år rundt denne tida, køyrer me ut til Vatne og Kronen Gaard for å ete ein god middag. For det var jo der ute me hadde bryllaupsfesten vår, og me synest det er koseleg å dra tilbake til denne plassen der dei har god mat og omgjevnadar med historisk sus. Mamma, pappa og broren min var også med. Sidan mannen min hadde bursdag, blei dette ei feiring av bryllaupsdagen på etterskot og ein ordentleg bursdagsmiddag. Blondegardin, flott mønster på tapetet, ein sofa i inngangspartiet i ein akkurat passe stil og ei herskapeleg kaffikanne, alle ting som fangar blikket mitt.


Caprese til forrett, sidan ovnsbakt laks og som vanleg sjokoladefondant til dessert – seier berre "nam"! Alt smakte heilt fortreffeleg, og det var koseleg å ete desserten ute i fem-tida utan å fryse.


Broremann var fotograf og tok bilete av oss under den store bjørka. Hugsar ikkje heilt kva me lo av, men ofte blir det litt lått og løye når me skal prøve å ta bilete, kanskje særskilt fordi eg gong på gong prøver å få med meg han der fine på eit tøysebilete eller to ;) Superhyggeleg kveld i godt lag!

Legg igjen ein fin tanke