16. juni 2023

Delar av Sørnesturen




Sørnesturen på Sola, ein ekte T-tur. Om du lurer: me kallar dei T-turar på grunn av at turane er merka med raude T-ar, akkurat som når ein går i fjellet. Akkurat denne turen er dryge ni kilometer, men me korta den ned litt då me nyleg gjekk turen i lag med broremann. Enda vel opp på seks kilometer, så likevel ganske nøgd. Små, søte blomar ved ein oppkøyrsel, god turselskap og to svaner ute på sjøen. Tvers over frå der me stod, kunne ein skimte kulaste Flyhistorisk museum.






Både kjente og ukjente stiar. Sola er jo barndommen min, samstundes er store delar av stien som går langs kysten relativt nylaga. Innimellom blåste det slik det ofte gjer ved kysten, og me gjekk i ei halvrask gonge. Gul mose på steinane, eit lite, raudt båthus, strandnellik og til slutt framme ved Sørnesvågen igjen. Ikkje berre er det ein ekte orm der, ein kan også ta ein titt på vikingfamilien, heilt detaljerike treutskjæringar laga av Oliver Vogt. Alle ser dei ut mot havet. Ut mot det blå.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Å, nå har jeg gått glipp av masse hos deg, Silje! Men du har en nydelig sommer så langt (utifra bildene for jeg har ikke rukket å lese alt). Jeg blir glad i hjertet av det. Elsker dessuten den opplevelsen av å besøke sånne steder man husker fra barndommen og kommer tilbake og ser på med et nytt øye. Og det blir ekstra spesielt med et sted med så vakker natur og litt historie i ett. Nydelig!

Silje sa...

Slike turar gjer så godt for kropp og sjel, og så er det litt ekstra koseleg å mimre litt innimellom. Og takk for alle fine og kjekke kommentarar du legg igjen her, blir like glad kvar gong eg les orda dine! :D

Legg igjen ein fin tanke