3. feb. 2023

Glasur henta frå havet


Keramikkskål og -kopp i dei nydelegaste fargane. For halvanna år sidan var me innom Røros då me køyrde rundt i Noreg. Der har dei fleire butikkar og verkstadar som sel keramikk, både kunst- og bruksgjenstandar. I butikken Kunst og kaos fall eg heilt for koppane laga av Sissel Wathne, og eg kjøpte med meg ein kopp heim som står på den opne kjøkkenhylla vår. Nyleg laga ho ein kolleksjon i samarbeid med Credo Restaurant. I kolleksjonen finn me ei skål og ein liten kopp i tre forskjellige grønlege nyansar. Med gamle handverksteknikkar er glasuren tilarbeidd av sjøkrepsskal – eg synest det er råtøft at det går an å bruke matrestar til å lage ein slik stilig glasur! Skåla og koppen eg tinga heim, er ikkje like i fargen, noko eg gjorde med vilje om du lurte. Den lille koppen er perfekt til å ha ei miniplante oppi, og skåla kan me til dømes bruke til frukostblanding tidleg ein morgon.

Legg igjen ein fin tanke