1. feb. 2023

Å ta beina fatt frå stasjon til stasjon




Toget mellom Stavanger og Sandnes tar eg jo fem dagar i veka, men det er ikkje så ofte eg tar lokaltoget lengre sør. På laurdag gjorde me faktisk det, for då tok han fine, broren min og eg toget frå Stavanger til Klepp. Vêret ute var heilt topp, noko det ikkje har vore dei siste dagane (opplevde til og med litt sludd på måndag). Langs togskjene ligg Frøylandsvatnet og me gjekk frå Klepp stasjon til Bryne stasjon langs vatnet. Sola skein, Midgardsormen låg over vatnet som ein lang slange og det var berre heilskjønt å bevege på oss etter fleire helger med meir eller mindre gråvêr.


Stoppa og slappa av i solveggen ved Frøya dagsturhytte. Inne i hytta var det nokre andre, men kjekt å sjå at den blir brukt. Såg superkoseleg ut inne i hytta med bøker, ein liten hems og utsikt rett ut til vatnet. Ein einsleg svane langt ute på vatnet, silhuettane av mannen min og broremann. Ved eit større tre, var det lagt ut mat til ekorna, og dei er like søte uavhengig om det er i Melsheia, i London eller ved Frøylandsvatnet. Benkane hadde stilige detaljar som eg tok meg tid til å knipse eit bilete av. Vel framme ved Bryne stasjon tok broren min toget tilbake medan han der fine og eg traska til Garborgsenteret der me høyrde Edvard Hoem fortelje om sitt blikk på Arne Garborg. Og etterpå var det toget heim igjen. Fem kilometers gåtur og sidan eit bra foredrag, det var laurdagen sin, det.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Så ut til å ha vært en flott tur😉

Silje sa...

Kjempeherleg å kjenne sola varme i andletet og sidan høyre Hoem fortelje :D

Legg igjen ein fin tanke