5. feb. 2023

Symfonikonsert ein dag, sponsa utflukt ein annan dag




Omtrent midt i veka, drog ei veninne og eg utpå ettermiddagen til Egersund med Sørtoget. Ikkje akkurat slik me pleier å gjere så ofte, men eg hadde nemleg blitt spurt av Schibsted Partnerstudio om eg ville vere med å lage annonsørinnhald for Sørtoget og Go-Ahead. Eg svarte "ja", og dei sponsa turen, ein god lunsj i byen og så ønskjer dei å ville bruke nokre av mine bilete i reklamen. Ein ganske annleis onsdagsettermiddag, det skal eg innrømme. Men likevel ganske artig, og det var veldig koseleg å ha med meg ei av mine beste veninner på ein liten utflukt. Fleire gode bøker har romma denne veka, og det er noko eg alltid set pris på. Veka start forresten med personalsamling ute på Nærbø. På veg heim stakk me (ho eg sat på med og eg) innom glassblåseriet MingarWalker. For ein fargerik snopebutikk! Mannen min og eg var på ein kjempebra konsert med Stavanger symfinorkester, ein dyktig dirigent og ein like dyktig tubasolist på torsdagskveld. Dvořáks niande symfoni, "Fra den nye verden", og filmmusikkomponist John Williams sin tubakonsert stod på programmet. Puh, eg ser eg endte opp med å skrive ein del her i dag, og her er resten:
 
boka Kjærlig hilsen fra London av Sarah Jio var nydeleg og handla om bøker og ein bokhandel
personalsamling ute på Vitengarden, kjekt å sjå meg omkring også på det anlegget
skeiv kjærleik og kjærleik til musikken i If This Gets Out av Sophie Gonzales og Cale Dietrich
Snoopy på LEGO-veggen
denne lille elefantungen som spring rundt for å utforske alt
prøve å ordne eit strikkeprosjekt som eg ikkje var heilt nøgd med
soloppgangen sett frå jobbens takterrasse
spionkatten som eg møtte på veg heim frå jobb fredagsettermiddag
ete ein utmerka lunsj på Biblioteket i Egersund då eg var der på onsdag
for ein nydeleg blomebukett inne hos Et katteliv 
teste ut kvilestolen til Go-Ahead på veg heim frå Egersund
knallgode suksesplettar frå Ryfylke bakeri, kaffi og den herlege boka Kiss Her Once for Me
blir ikkje lei av å så på den stilige glasuren frå keramikken eg kjøpte hos Wathne Studio
framleis ganske artig å høyre Billy Boyd og Dominic Monaghan sin podcast
rullesteinvasane hos MingarWalker glassblåseri er superlekre og herleg fargerike
knallbra konsert med SSO og tubasolist August Schieldrop
lese høgt lappane frå minneglaset
skogleg mønster i kaleidoskopet på Abelloftet
magiske vinterbilete i tåka inne hos Ei blå stugu
klagar ikkje på laurdagstaco Disney-filmen Frost II
sjå eit par episodar av Drømmeslottet
lun kaffi (heimelaga latte) og eit nytt puslespel

Legg igjen ein fin tanke