7. feb. 2023

LILA 🌸


Markéta Irglová gav i haust ut albumet LILA. Songane har eg høyrt om og om igjen på Spotify der "My Roots Go Deep" er den aller finaste i mine øyre. I bokhylla mi har eg det førre albumet hennar MUNA med dei vakraste illustrasjonane frå Mary Reynolds. Denne gongen kunne ein velje mellom vinyl eller ei bok med ein CD, og sjølv om eg ikkje bruker CD-ar lenger, tinga eg heim sistnemnde på grunn av boka. Elskar at fargane er nesten dei same som i CD-heftet til MUNA. Ei nydeleg bok med songtekstane frå albumet, bilete av Markéta, litt om ho sjølv og om historia bak LILA. Boka er i tillegg signert og står no i bokhylla rett ved hennar andre album. Songen "The Season" har ein vakker musikkvideo og det er alltid balsam for sjela å høyre Markéta syngje og spele piano ♥︎

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Så nydelig musikk! ♥︎

Silje sa...

Kan høyre hennar songar om og om igjen ♥︎

Legg igjen ein fin tanke