26. feb. 2023

Vinterens siste vekesoppsummering




"Goooood kveld, og velkommen på lokaltoget t Stavanger, [...] og ha ein fantastisk fine kveld!". Ein av dagane då eg var på veg heim med toget, var det akkurat dette eg høyrde over høgtalaren på toget. På ordentleg dialekt, eg måtte smile for meg sjølv der eg sat og prøvde å lese i ei bra bok. Litt merkeleg veke sidan me fleire av dagane budde hos broremann; me må nemleg fikse golvet på badet og har dimed ikkje toalett eller dusj. Akkurat no må me vente på vinylbelegget, så me bur heime igjen med eit halvvegs bad. I byrjinga av veka var det regnvêr medan det dei siste dagane har vore sol og kaldvêr. Kjekke dagar på jobb, og eg skal innrømme eg er litt spent på kor mykje trøkk det blir til veka sidan det er vinterferie her i området. Bytur i finvêret i går der me fekk unnagjort nokre ærend og åt god lunsj på Sirkus Renaa. I dag har me fått gjort litt husarbeid i tillegg til å lese, kjenne bittelitt på sola ute og ta det ganske med ro. Vel, vel, tenkjer det er på tide å runde av veka:

Gaute Heivolls nye bok, Dine ord, var både vakker og nervepirrande
vise pappa ein del av dei kule installasjonane som me har på Vitenfabrikken
og seie "hei" til ei veninne som var innom Vitenfabrikken på eit jobbbesøk
"Lyden av James Bond" – artig lesing om musikken i James Bond-filmane
laurdagspizza og Disney-filmen Oliver & Company (Oliver er berre heilskjønn)
relativt roleg helg, noko som var greitt sidan det sikkert blir litt travelt på jobb med vinterferie
Auður Ava Ólafsdóttir skriv alltid småartig og underfundig, sist med Svaner blir ikke skilt
å gå av bussen og få auge på solstrålane mellom greinene 
siste Chess-forestilling på Folketeateret var i går, og her ser du musikalen frå trommisens vinkel
pusle ferdig puslespelet med fleire av figurane frå Mummi-verda 
teste ut ein av dei tre kule pendelteiknarane på Abelloftet
koseleg å sjå skodespelaren Samuel West i lag med foreldra i ein episode av Great Canal Journeys
ny diktsamling: Eg vil vere her
fleire snøklokker (blir like glad kvar dag eg ser desse små, kvite blomane)
minipusar som vekker ein liten hund 
mykje strikke- og lesetid no i helga
designaren og kunsthandverkaren Inger Waage sitt motiv "Spiral" på nokre tallerkaner og koppar
solskinet på togperrongen ein ettermiddag
superjovial god kveld-helsing på toget 
kalde og magiske vinterdagar i denne vloggen frå Jonna
finaste telyshaldaren som me framleis har i vindauget sjølv om dagane byrjar å bli lysare
lesestund i sofaen saman med den aller finaste, kvar vår Terry Pratchett-bok i fanget

Legg igjen ein fin tanke