23. jan. 2023

Bokelskarens gøymestad 📖




Endeleg! Tidleg i fjor posta eg eit innlegg om dette puslespelet med tittelen "Boktatt". Motivet er henta frå boka Jenta som ville redde bøkene av Klaus Hagerup illustrert av Lisa Aisato. Etter å ha pusla det ferdig, limte me det og ramma det inn. Ikkje lenge etterpå, slo eg til då det var tilbod på puslespel og kjøpte endå med motiv frå den same boka – eg får ikkje nok av Aisatos illustrasjonar! Han fine og eg byrja på dette ein gong i løpet av dei fyrste månadane i fjor, men viss du ser nøye på det, er det mange brikker som ser kjempelike ut. Difor brukte me ei stund på å leggje det ferdig, og då alle brikkene var på plass, mangla me heile tre brikker. Tok kontakt med puslespelforlaget som sa dei skulle sende brikkene me mangla. Det tok si tid, og eg måtte purre fleire gongar. Då me fekk dei ein gong i haust, hadde dei ikkje berre sendt oss brikkene me mangla...neida, me fekk alle tusen og måtte leite oss gjennom alle for å finne dei tre me faktisk mangla! Puh, fann dei litt etter litt, men dei passa ikkje hundre prosent sidan dei nok ikkje er stansa ut samtidig. Dimed tok det endå lengre tid, for me måtte finne ut korleis me best mogleg skulle løyse dette. Vel, fram med tapetkniven, triksa det til og alt i alt blei det ganske ok. Også dette puslespelet limte me og har nyleg ramma inn. To flotte puslespel frå ei vakker bok, ei bok der eg kjenner meg veldig igjen i hovudpersonen, å berre sitje der mellom alle bøkene, sluke side etter side. Boktatt i ein bokelskars gøymestad.

Legg igjen ein fin tanke