18. feb. 2022

Augustins no 11




Strikk på tjukke pinnar, og vips, så var kjolen ferdig. Den grøne kjolen eg byrja på rett rundt jul og som eg har kost meg med å strikke medan eg har drukke ein kopp med kaffi og to, av og til også når eg har lese i ei kjekk bok. Eg fall for kjolen då eg fyrste gong såg den på Instagram. Sjølv om det er mange som har strikka den, berre måtte eg også gjere det, tihi. Oppskrifta er Augustins no 11 frå nettopp Augustins. Kjolen er strikka i ein tråd Air og ein tråd Brushed Alpaca Silk frå Drops, begge i fargen skogsgrøn. I mine auge er den heller ei blanding mellom sjø- og skogsgrøn, men, men.

 



Fasongen på denne kjolen er rålekker! På ein måte så enkel, samstundes veldig feminin. Berre sjå på pufferma og den nydelege I-cordkanten som ein finn både på halsen, på erma og nedst på kjolen. Bakre delen av skjørtet er strikka noko lengre og slik blir uttrykket akkurat passe asymmetrisk. Eg sleit med å plukke opp maskene i midja, for der skulle eg bryte garnet og sidan strikke to masker i ei for å få til rynkene. Men det gjekk til slutt. Erma er litt vide, nesten som flaggermuserme, og sjølv om det kanskje ikkje er heilt min stil, gjer det ingenting på denne kjolen. Eg valde forresten å strikke trekvart erme sidan den nesten hadde blitt for varm med vanlege erme. Har lyst til å strikke ein til no med det same, men det får nok vente sidan eg så vidt har byrja på eit nytt strikkeprosjekt. Uansett, du kan sikkert sjå av smilet mitt at eg er kjempenøgd med resultatet. Ein grøn, finfin, heimestrikka kjole til kalde dagar, ein flott kjole eg kan bruke på kvardag og til fest. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå wow for en lekker kjole! Nydelig fasong, som du virkelig kledde Silje ♥

Silje sa...

Tusen takk, finast deg! ♥ Som eg skreiv er det nesten slik at eg ønskjer å byrje på ein ny kjole no med ein gong, for denne blei eg supernøgd med!

Legg igjen ein fin tanke