Hugsar ikkje heilt når eg fann bloggen til Ida, men eg trur ho kommenterte på min blogg ein eller annan gong for ei god stund tilbake. Sidan har me følgt kvarandre, og eg ønskjer å gi eit måndagstips om Idas blogg Et katteliv. Ida skriv om nysgjerrige Mira og om minna etter finaste Bianco. Kvar månad deler ho dei flottaste bukettane og nyleg fekk me vere med på ein tur til Harstad.
Haustkjensle, hygge, hytteliv, knallfine bruktfunn (den raude kjolen er jo berre heilt nydeleg!), litt interiør innimellom, ull er gull, tips til Noregsferiar og mykje anna fint. Ida skriv godt og ho fangar så mange flotte kvardagsaugneblink. Fangar stemninga gong på gong, særskilt alt det små som set gullkant på tilværet. Takk for at me får følgje deg og din kvardag, gode bloggkollega ♥︎
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åååå, fantastiske gode, snille Silje ♥︎ Tusen, tusen takk for at du har skrevet dette blogginnlegget! Og takk for alle de fine ordene, og for at du har gjort det så fint;) Jeg ble helt rørt nå... Heldige meg som har den beste bloggkollegaen ♥︎ Sender deg en stor og varmende klem fra mørke og kalde nord.
Du fortener det så mykje ♥︎ Gleder meg alltid litt ekstra når eg ser at du har posta eit innlegg, og eg meiner kvart ord ♥︎ Takkar for ein den gode og varme klemmen, sender ein rett tilbake!
Legg igjen ein fin tanke