1. feb. 2021

Gleda i å traske til jobb



Eit lite blad. Heilt aleine på ei grein, med rim som glinsar som glitter. Det sterke januarlyset ute i skogen, sola som får meg til å ta ein pause, vende andletet opp og berre nyte varmen. Å kunne traske til jobb med solbrillene på allereie i januar, det er ei velkomen kjensle. Og nei, som eg har skrive fleire gongar før: snøen og eg kjem aldri til å bli bestevenar, men til og med eg kan sjå at den lyser opp landskapet og lage kontrastar, slik som desse mørke steinane ved eit gjerde. Eg klarte ikkje å la vere å smile og nesten hoppe bortover på veg til jobb den eine dagen – sola skein, tankane berre vandra og eg fann glede i å kunne starte kveldsvakta med ein slik herleg tur.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så nydelige og stemningsfulle bilder Silje ♥ Jeg misunner deg solbrillene og sola. Men det er sikkert ikke så lenge til vi får den muligheten her også. Vi har i allefall fått snøen på plass. Og det er ren lykke i kattelivet, for vi elsker snøen! Godt å høre at du ser noe fint i den du også ;)

Silje sa...

Å, tusen takk, fine deg ♥ Kjekt å kunne ha med kameraet og stoppe eit par gongar på veg til jobb for å ta bilete av alt det fine langs vegen. For om ikkje anna så gjer snøen alt lysare og vakrare :)

Legg igjen ein fin tanke