28. okt. 2020

Små kvardagstankar mot slutten av oktober





No byrjar dagane verkeleg å bli mørkare. Å stå opp halv fem ein dag og halv seks dei andre dagane er ikkje enkelt til vanleg, men desto vanskelegare no når det er bekmørkt ute. Energien er gått i haustmodus og regnvêr og sur vind hjelper ikkje for å seie det slik. Eg tenner lys og drikk te etter jobb. Koser meg med All Creatures Great & Small medan eg strikkar eit par omgangar på genseren. Tar fram ei av bøkene og les ein del sider kvar dag. Små ting som gjer desse mørke dagane litt lysare. Og haustfargane. For framleis ser eg dei sterke fargane overalt. Raude, gule, brune og oransje blad på bakken. På det eviggrøne graset. Haustlauvet. Trea som framleis har eit par fargesterke blad igjen. Onsdag er snart over. Nok ein tidleg start på dagen i morgon. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så fine bilder og tanker ♥ Ja, nå gjelder det virkelig å se det fine i ting rundt seg. Både farger, levende lys, tekopper, koselige serier, naturen og de små koselige stundene med strikking. Jeg tror det er det som skal til for at ikke mørket får for stor plass ;)

Silje sa...

Kjenner at hausten innimellom er ein berg-og-dal-bane. Blir så glad for alt det fargesterke ute i naturen, for stearinlys, gode bøker og kjekke seriar, men samstundes blir eg trøytt av grå dagar, mykje regn, kulda og mørket. Det er no slik livet generelt er: opp og ned, fylt av kontrastar.

Legg igjen ein fin tanke