14. okt. 2020

Å snakke om bøker



Når eg les, les eg ofte berre for min eigen del, fordi eg liker det. Eg elskar det. Til ein kvar tid les eg akkurat det eg har lyst til å lese. Men det er samstundes noko med det å bli utfordra, både på kva eg les og når det gjeld å snakke om bøkene eg les. I sommar var det ei veninne som lurte på om nokon ville vere med på ein bokklubb over nettet, og eg syntest det kunne vore artig. Så langt har me lese tre bøker, dei to siste var Rasimens poetikk av Guro Sibeko og Homoflokar av Kritstin Fridtun. Me er fem personar i klubben, noko som er akkurat passe når me skal snakke over nettet med forseinkingar og litt "støy på linja". Interessante samtalar og tankar, og eg håper på fleire etter kvart som me les fleire bøker – førre måndag hadde me møte i halvannan time! Når eg fyrst skriv om bøker, må eg nemne ei anna bok eg nyleg har lese: Becks siste sommer av Benedict Wells. Ei av dei beste bøkene eg las i 2018, var Wells si bok Ut av ensomheten. Becks siste sommer er debutboka hans som endeleg er ute på norsk. Sjølv om eg nok likte den førre eit hakk betre, må eg seie at eg koste meg då eg las debutromanen. Det er ei tragikomisk forteljing om musikk, ein karriere som gjekk i vasken, eit musikartalent, om kjærleik og ein roadtrip til Istanbul. Underfundig og underhaldande roman. Har du lese noko bra i det siste? Legg igjen boktips då vel.

Legg igjen ein fin tanke