21. okt. 2020

Koselege Kragerø






Midt i veka. Eller nesten, om ikkje anna midt i arbeidsveka. Eg har nettopp gått av skiftet og har langhelg fram til måndag. Ute berre bøttar det ned, sånn verkeleg øspøsande regn. På veg heim frå jobb hadde eg på med støvlar og fullt regntøy, og regntøyet måtte eg hengje opp i dusjen, så vått var det! Med andre ord er det ein ordentleg trist og grå haustdag her i Stavanger. Noko betre var det då me stakk innom Kragerø i haustferien. Joda, det regna godt ein av dagane, men me fekk likevel sjansen til å gå litt rundt i gatene då det var opphald. Me var nemleg i Kragerø både på veg til Oslo og på veg frå Oslo: me overnatta der på veg bort, og på veg tilbake åt me lunsj der sidan dei akkurat då hadde ei slik "100-uke" ;) For ein koseleg by og sjarmerande by! Littegrann kronglete å køyre i med mange smale gater, men akk, så koseleg likevel. Haustfargar overalt, ein staseleg, nedlagt jernbanestasjon, me overnatta på Victoria Hotel og måtte stoppe opp for å lese eit butikknamn minst to gongar – det var ganske så artig. Og så bruktbutikkar! Rett og slett eit bra stopp på vegen.

Legg igjen ein fin tanke