18. okt. 2020

Zalobesøk og mange bøker å velje mellom



Opp og ned på jobb. Stort sett greie dagar, men kjenner at eg er rimeleg lei av at badegjestane klagar over dei same tinga heile vegen (les: bookingsystemet og alt som har med koronareglar å gjere). Samstundes så er me vel alle leie av dagens situasjon, så eg prøver å ta fram smilet og stort sett tenkje at det ordnar seg, at me alle gjer det beste ut av situasjonen. Ok, nok om det, for det har elles vore ei bra veke med besøk av Zalo, herleg humor på jobb, lesing i fleng, veldig kjekk orkesterøving (konsert neste helg for dei som kan komme) og sol dei aller fleste av dagane. Kjenner eg byrjar å bli trøytt no etter jobbehelg, og det er nesten leggjetid. Rett under er vekas høgdepunkt:

✦ å ha Zalo på besøk er alltid like koseleg
✦ orda til Linda Olsson treff alltid hardt, og boka Langsomt lukker jeg døren er ordentleg sårvakker
✦ "Litt av september" – å, her var det så mykje fint og flotte augeblink frå førre månad, takk Ida
✦ sjølv om katten Bob ikkje lever lenger, blir det fint å sjå denne filmen med han i hovudrolla
✦ hi, hi, Zalo er så artig, særskilt når han sit på eit hovud eller når han stel frukosten vår ;)
✦ setje av tid til å slappe av med strikking innimellom all lesinga
✦ god kronikk om nettroll i samband med årets Skal vi danse
✦ starte kvar dag med bok og kaffi (og ooops, eg har altfor mange bøker å velje mellom for tida)
✦ joda, eg veit at eg har delt denne før, men lenge sidan sist: "Kitten meets hedgehog"
✦ Murdoch Mysteries, den serien er berre så herleg med dei kulaste karakterane
✦ stas at Scenekvelder delte littegrann av blogginnlegget mitt i ei Instagram-historie
✦ det fargerike treet som står rett utanfor Vågen vgs., sett på veg til orkesterøvinga
✦ lille og søte Duck, ein spesiell katt som har fått eit kjempebra liv
✦ sollyset som skein inn i stova ein dag, rett inn på retrotallerkenar og fjorårets julekortbilete
✦ Björn Skifs og Agnes med ein nydeleg song i det svenske kronprinsessebryllaupet (gammal video)
✦ laurdagstaco og Mulan (den animerte filmen) på Disney+
✦ gylne blad i mange fargar ved Mosvatnet, lyst opp ekstra av solskinet
✦ flodhestar kan vere så innmari søte
✦ nyaste Heivoll-boka, Drøm om de levende, leverer med ei fengjande handling og godt språk
✦ jobbhumoren eg har i lag med min nærmaste kollega, alltid like festleg

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

FOR en fantastisk søndagsliste Silje! Jeg fikk SÅ lyst å lese "Langsomt lukker jeg døren", Zalo er som vanlig kjempesøt, høres koselig ut med strikkinga, og både den videoen med pinnsvinet og den med søte lille Duck var så fin ♥ Jeg gleder meg også veldig til julefilmen med Bob, og kommer nok til å gråte en skvett når jeg ser den. Bob var så vakker og god (har jeg fortalt at jeg traff han på gata i London før han ble kjendis?). Historien om han har også litt likhetstrekk til hvordan vi hadde det med Bianco. Og igjen takk for at du deler fine, gode du ♥ Ønsker deg en herlige uke, og håper badegjestene skjønner hvor heldige de egentlig er ;) Jeg som er i risikogruppa kan bare se langt etter sånne ting som basseng. Og nå savner jeg virkelig å svømme...

Silje sa...

Fyrst og fremst: ein stor klem for nok ein kjempefin kommentar! ♥ Zalo er ein kul fugl, tihi! Eg har lese alle bøkene som har komme ut frå James og Bob og har (så klart) sett den fyrste filmen. Gråt ein del tårer då, ja. Trist at han ikkje lenger er med oss, men minnet vil alltid vere der ♥ Så koseleg at du faktisk trefte den fine pusen :) Skjønner at Bob og Bianco sine historier har fleire likskapar, og slike historier treff verkeleg i hjartet! Og ja, badegjestane er eigentleg heldige om ein tenkjer på korleis situasjonen er. Skjønner godt at du saknar å svømme, og håper at me etter kvart kan opne opp meir normalt enn slik det er no. Tysdagsklem!

Ida sa...

♥♥♥

Legg igjen ein fin tanke