12. okt. 2020

Musikalen i mitt hjarte ♟🎶



Kor skal eg starte når det gjeld denne musikalen? For dei som har følgt med her på bloggen ei stund, kjem det ikkje som ei overrasking at eg er over gjennomsnittet interessert i alt som har med musikalar å gjere. I fjor var det The Sound of Music på Folketeateret, den sjette musikalen for min del i regi av Scenekvelder. Chess er den sjuande. Som eg skreiv i går, har denne musikalen vore ein stor del av livet mitt heilt sidan me sette den opp på musikklinja på St. Svithun vgs. for god og vel tretten år sidan. Alle songane kan eg så å seie utanåt, "Anthem" med Tommy Körberg og "One Night in Bangkok" med Murray Head er to av dei største (og mest kjente) songane, og "I Know Him So Well" med Elaine Paige og Barbara Dickson står i Guinness rekordbok som den mest solgte singelen av ein kvinneleg duo på britiske hitlister. Å, det er så mange bra songar i Chess. Skulle eigentleg sjå den i februar, men då var det stemnehelg på jobb. Me selde dei billettane og kjøpte nye til april. Den forestillinga blei jo avlyst slik mykje anna blei, og sidan har eg venta i spenning på når teateret kunne opne igjen. Og endeleg, på onsdag fekk me moglegheita til sjå, høyre og oppleve den! Oppsettinga skuffa ikkje! André Søfteland som Anatolij er eit ypperleg val, har tidlegare sett han som hovudrolla i Les Misérables, og den stemma er så kraftfull. Sanne Kvitnes briljerer som Florence, Espen Grjotheim er ein kul og samstundes sårbar Freddie ("Hvem ser et barn"/"Pity the Child") og Marion Ravn som Svetlana overtyder som kona til Anatolij, særskilt i songen "Hvem er jeg". Scenekvelders oppsetting av musikalen er ein versjon frå 2002 som populært blir kalla Chess på svenska, for det finst fleire versjonar av musikalen som starta som eit konseptalbum i 1984. Eg storkoste meg, nynna med, tårene rann på "Anthem" (eller "Mitt hjertes land" som den heiter på norsk), og sit igjen med eit kjempefint minne. Som vanleg må eg skryte litt ekstra av orkesteret, særskilt trommisen som eg kjenner; han var også med på å setje opp musikalen då me gjekk på musikklinja! Så glad for at eg endeleg fekk sett Chess på scena, på aller finaste Folketeateret.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Jeg elsker også musikaler ;) Jeg har ikke sett noen i Norge, men ganske mange i London, og faktisk på Broadway også. Løvenes Konge, Rock of Ages og Mamma Mia er favorittene så langt. Men både Chess og Les Misérables har jeg lyst å se. Og gjerne de norske. Og du har helt rett, det er SÅ mange fine låter i Chess ;) Så bra du endelig fikk sett den!

Silje sa...

Hi, hi, har vore både på West End og Broadway sjølv, for nokre opplevingar! "The Lion King" i London var noko av det aller beste! :) Neste år skal dei forresten setje opp "Mamma Mia" på Folketeateret, tenkte berre eg måtte tipse ;)

Legg igjen ein fin tanke