Endeleg! Sidan eg var med på å setje opp musikalen Chess med dei andre på musikklinja for dryge tretten år sidan, har eg høyrt musikken om og om igjen. Men fyrst no har eg fått sett den på scena. Inga overrasking at dette var vekas absolutte høgdepunkt! Har jo hatt haustferie denne veka, og på tysdag leigde me bil – på denne måten unngjekk me kollektivtrafikken i Oslo sidan situasjonen er slik den er (musikalen var nemleg i Oslo). Bra køyretur, ei natt i fine Kragerø, alle haustfargane langs vegen. Meir om både det og musikalen kjem til veka. Heller inga overrasking at eg har lese mykje denne veka, sånn går det når ein har fri og lesehaugen er større enn størst. Kva anna har eg gjort i løpet av desse dagane? Vel, ein slik haustferieveke går fort, så eg i staden for å sitje og tenkje altfor mykje, skal eg prøve å oppsummere dagane i ei lita lista, eller ikkje så lita denne sundagen:
✦ sitje ute ei lita stund på balkongen i dag med sol som varma og ei bok i fanget
✦ kjempebra film med Tom Hanks og Matthew Rhys, laust basert på denne artikkelen
✦ og apropos Matthew Rhys: han er så bra i TV-serien Perry Mason som eg nettopp har sett ferdig
✦ ete laurdagspizza og sidan spele litt "Dominion" i lag med mannen min og broremann
✦ tur rundt Vannassen ute i sola i dag, berre heilt herleg
✦ sundagsmorgon med kaffi, bok og litt strikking
✦ bokklubbmøte over nettet med ein kjekk gjeng
✦ dansen til Birgit Skarstein og hennar dansepartnar i går
✦ cappuccino og boka Dear Evan Hansen på lesebrettet
✦ godt å ha nødproviant og bok med i bilen då me plutseleg måtte vente ein tima pga. vegarbeid
✦ minimini kattunge som veks opp i lag med ein mykje større hund
✦ alle haustfargane langs vegen, og koseleg å besøke Kragerø
✦ "Into the Unknown" i ein heftig instrumentalversjon (høyr trompetisten på slutten av songen)
✦ musikalen Chess på Folketeateret
✦ boka var sånn midt på treet, men alltid gøy å lese bøker om bøker (snakkar om The Librarian)
✦ solnedgangen ved Mosvatnet, og ein grønbrun allé omtrent på same plassen
✦ himmelen over naboblokka ein av kveldane
✦ gulgrønt blad midt blant alt det brune haustlauvet
✦ nok ein tur rundt Mosvatnet med ei anna veninne som eg ikkje hadde sett på lenge
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
For en kjempefin liste Silje ♥ Jeg koste med med absolutt alt! Atter en gang takk for at du deler og tipser om så mye fint ♥
Berre hyggeleg, kjære deg! Og takk for alle dine fine tankar og kommentarar! ♥
Legg igjen ein fin tanke