25. okt. 2020

Jubileumskonsert på ein sundag






"I like having emotions, okay? This is who I am. You're leaving and that's a really big change and I'm gonna cry about it a lot, okay?" (Amy i Brooklyn Nine-Nine). Kjenner meg veldig igjen i Amy, altså. Ingen løyndom at eg er ein emosjonell person, eller kva?! Eg har starta dei aller fleste dagane med kaffi og bok. Ikkje at det er noko nytt, ha, ha. Men eg er like takksam kvar gong fordi eg slappar av og det er herleg å få ein roleg start på dagen. På torsdag hadde eg fri og fekk unnagjort fleire ærend nede i byen (var blant anna innom ein kjempefin bruktbutikk som eg har tenkt lenge på å besøke). I same slengen stakk eg innom jobben for å svømme i lag med kjekke kollegaer. Som allereie nemnt har mesteparten av helga gått med til å spele i lag med orkesteret. Sandnes Symfoniorkester har ei lang historie og er i år heile 125 år. Ikkje så lett å få til konsertar i år, men me får no spele denne for 200 personar. No blir det middag her om ikkje så altfor lenge, og sidan orkesterkonsert. Tidleg på'an i morgon, og tenkjer eg sleng ut sundagsliste her og no:

✦ tiande prisvinnaren eg har lese i år, denne gongen var det Vinterreise av Elfreide Jelinek
✦ sykle heim i regnvêr er heilt greitt når regntøyet er bra
✦ instrumentalversjon (piano og cello) av "Bohemian Rhapsody"
✦ spele jubileumskonsert med orkesteret og solisten Christian Ihle Hadlan på piano
✦ le og rett etterpå bli rørt av ein episode av komiserien Brooklyn Nine-Nine
✦ søtaste lille pusen som ikkje klarer å halde seg vaken
✦ få ein ordentleg haustbukett på døra som takk for lånet av tre HP-bøker
✦ lage laurdagspizza og sjå Wreck-It Ralph i lag med mannen min og broremann
✦ strikke vidare på genseren
✦ måndagsmorgon med Zalo, koseleg start på veka
✦ den lille andungen tar eit bad medan Loulou og Coco ser på med nysgjerrige auge
✦ fargesterke haustblad på eit og same tre
✦ må le litt av eit par av bileta eg tok i Vålandsskogen, særskilt det der eg hiv haustlauvet i lufta
✦ gammal video, men denne parodien av "Piano Man" er like morosam kvar einaste gong
✦ brunt hautslauv på det grøne graset på veg til jobben ein dag
✦ nok ei bok frå Ferrante der orda treff hardt og rått: Dei vaksnes løgnaktige liv
✦ nydelege utgåver av klassiske bøker
✦ egentrening i lag med ein god gjeng midt på dagen på torsdag
✦ starte (nesten) kvar dag med god kaffi og ei bra bok i fanget

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Usj, jeg ser at kommentaren jeg skrev på mandag ikke kom gjennom, så da prøver jeg på nytt igjen ;)

Igjen koste jeg meg sånn med søndagslista di ;) Her var det mye fint! Den høstbuketten fikk jeg umiddelbart lyst på. Samme med de klassiske bøkene. Jeg har allerede noen fra Penguin Classics, og de er også ganske fine. Zalo er som alltid så søt, og "Slowcation" burde alle prøve litt oftere. Vi har på en måte blitt litt tvunget til det de siste årene på grunn av helsa mi. Men vi nyter feriene om mulig enda mer da ;) Følelsesmenneske det er jeg også. Det er både tungt og veldig fint ♥ Fint når man føler ekstra mye glede over ting, og at man har så lett for å bli glad i andre. Men tungt når man tar innover seg andres smerter. Men sånn er det jo med det meste i livet. Både positive og negative ting ;)

Silje sa...

Å, keisamt at kommentaren ikkje gjekk gjennom :/ Men takk for at du skriv ein ny ein som eg kan lese no på tampen av veka :D Du skriv det akkurat slik det er, for eg kjenner meg igjen når det gjeld det å kjenne andres sorg, smerte eller frustrasjon (les: den siste har eg merka fleire gongar på jobben i det siste mtp. frustrerte kundar). Likevel er eg glad for at eg kan vise kjensler utan å bli flau, det er ein del av den personen eg er ♥

Legg igjen ein fin tanke