24. sep. 2020

Torsdagsbøker

Bøkene om Anne Shirley, eller Anne of Green Gables-bøkene om du skulle lure, vil alltid vere med meg som ei kjempefin leseoppleving. Det er noko med språket til Montgomery, måten ho skildra tankane til Anne på, dei magiske skildringane av landskapet ute på den vakraste øya og ikkje minst karakterane ho skapte. Serien om Emily of New Moon, ein trilogi, er ikkje heilt det same, men eg koser meg veldig likevel. For eg ser fleire likskapar mellom desse seriane og eg kan aldri få nok av Prince Edward Island. Tidlegare i år las eg Sløve hester, den fyrste boka i spionserien om Jackson Lamb og resten av gjengen ved Slough House. Nyleg las eg ut bok nr. to, Døde løver, og sjølv om den fyrste boka var best, likte eg å lese vidare og ser allereie fram til den neste i serien. Ute bøttar det ned og eg koser meg inne med ei ny bok. Om ikkje så lenge er det kveldsvakta på jobb.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Ingenting er som en god bok i sofaen under pleddet når det regner ;) Jeg har ikke lest bøkene om Anne of Green Gables, men jeg elsker serien på Netflix ;)

Silje sa...

Eg har garantert nemnt det før, men du bør sjå filmane frå 80-talet, dei er berre så herlege ^^ Og ikkje minst dei fyrste bøkene i serien, sukk ♥

Legg igjen ein fin tanke