6. sep. 2020

Lesing ute i det fri og jobbhelg – den fyrste på leeenge

Blå negler på fleire av bileta i vekas sundagslisteinnlegg, tihi! Den blåfargen er berre nydeleg, og eg er glad eg framleis har ein del igjen. I byrjinga av veka var det mykje sol og eg las ute, medan det i helga har vore veldig vekslande: i går sykla eg heim i øspøsande regnvêr, men det gjekk ikkje lang tid etter at eg kom heim før sola skein igjen. Fyrste ordentlege jobbhelg sidan me stengde i mars, og det aller meste har gått greitt. Så klart er det ein del ekstra rutinar no med kor mange me har inne om gongen, vask og reinhald, avstand og alt det der. Men mykje av det er jo slik me hadde det i sommar, så me har allereie mange av dei nye rutinane inne. Kort om veka og helga, eg veit det, men det har eigentleg ikkje skjedd noko spesielt i løpet av desse dagane. Så eg set over til sundagslista:

✦ sykle litt ekstra tidleg til jobb slik at eg kunne setje meg ned på ein benk og lese i sola
✦ kose meg med den finaste filmen Notting Hill for ørtande gong
✦ liten sniktitt på den nyaste sesongen av Strike, basert på den fjerde boka (Lethal White) i serien
✦ eg liker Tom Hanks, eg liker ein god, romcom – ergo så likte eg boka Waiting for Tom Hanks
✦ svømme 500 meter og øve på dykkinga før kveldsvakta på torsdag
✦ stilig å høyre ein mellomalderversjon av Game of Thrones-temaet
✦ fikse lønnesirupkake (med lønnesirup frå Canada) til eit jobbmøte
✦ sluke den fyrste sesongen av All Creatures Great & Small, den frå 1978
✦ meir om ein bilferie i Lofoten og ein rørande tekst om sakn, kjærleik og om gode Bianco
✦ lakke negler med herlege fargar
✦ feire bursdagen til ein av dei faste vikarane våre med bakverk og bursdagssong
✦ Bailey og den lille kattungen er så søte og artige i lag
✦ boka Krigslys med mystikk og eit poetisk språk
✦ lese littegrann på balkongen ein dag det var sol og varme ute
✦ songen "God Help the Outcasts" frå Ringeren i Notre Dame i ein nydeleg a capella-versjon
✦ starte dagane med kaffi i ein kopp og ei bok i fanget
✦ bitteliten og søt mus som sakte, men sikkert blei sterkare og artigare for kvar dag
✦ store, varme og gylne solstrålar
✦ gå med lesebrettet i handa på veg til eit møte på jobb

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Ååå gode, fine du ♥ Takk for at du deler, og takk for så fine ord om Bianco. Det betyr så utrolig mye for meg ♥ Og søndagslista er som vanlig kjempefin. Jeg ble så varm i hjertet av videoen med hunden og kattungen, jeg har faktisk også nettopp sett Notting Hill (den er så fin), og Sleepless in Seattle er også en favoritt her i huset. Og den lille musa... herlighet så søt. Ønsker deg en kjempefin uke ;) Klem fra oss i kattelivet.

Silje sa...

"Sleepless in Seattle" er så herleg med varm humor og ei fin historie ♥ Innlegga dine fortener å bli med i sundagslistene mine, for du skriv så vakkert og rørande om til dømes Bianco, og bileta dine er ordentleg stemningsfulle ♥ Takk for alle dine kjekke kommentarar, finaste deg – ønskjer deg ei flott veke!

Legg igjen ein fin tanke