Takksam for ei stille stund. Ei stille stund om morgonen med kaffi og bok. Fordelen med å ha kveldsskift innimellom, er slike morgonar. Å kunne starte roleg, i mitt tempo. Nyte ein god kopp kaffi medan eg les i ei av dei (litt for) mange bøkene eg held på med. Eg har sagt dette fleire gongar, eg veit det, men å få starte dagane på denne måten, gir meg energi. Gir meg ro og glede.
Legg igjen ein fin tanke