2. sep. 2020

Tropisk øy midt ute i Ryfylke

Kor skal eg starte når det gjeld Flor & Fjære? Eg veit neimen ikkje, for dei timane ute på Sør-Hidle var som å komme til ei tropisk øy, ei øy eg har lengta etter. Lenge har eg nemleg hatt eit ønske om å dra ut dit, og til bursdagen min frå mannen min fekk eg eit slags gåvekort som sa at me skulle ut til Flor & Fjære. Me fann ein dag i den siste sommarferieveka vår, og for ein flott kveld det blei!


Historia om Flor & Fjære går fleire år tilbake i tid, og viss du er interessert, kan du lese meir om den her. Ein tar båt frå Stavanger ut til øya. Vel framme fekk me omvising med guide. Kjekt å få høyre litt om historia og få vite meir om idéen bak. Området er delt inn i fleire forskjellige hager, og det var interessant å få omvising gjennom hagane: her finn ein rosehage, ørkenhage, bonsaitrehage, ja, til og med ei lita strand laga til ved eit berg. Etter omvisinga var det tid for ein trerettars middag. Det var god avstand mellom kvart bord, og me var så heldige å få bord ved vindauge. Vindauget var ope, og me kunne nesten kjenne dufta av blomane. Me syntest begge at det var kjempegod mat, og til dessert var det is og kaffi som me kunne ta med oss ut. Koseleg å sitje ute blant alle fargane.


Eg lar bileta tale for seg sjølve. Men så klart, bileta er liksom ikkje nok, ein må oppleve denne plassen for å skjønne kor vakkert og magisk det er der ute. Fleire bilete kjem, ver du sikker.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Tusen takk for at du deler dette Silje ♥ Det er bare SÅ vakkert der, og jeg blir SÅ inspirert. Dette står nå høyt på lista over neste reisemål ;)

Silje sa...

Denne plassen stod lenge høgt på mi liste over reisemål, og endeleg har eg fått vore der ute ♥ Som eg skriv i innlegget, må ein oppleve det sjølv, for det er rett og slett som eit eventyr! ♥ Kjempevakkert, og det er inga overrasking at kameraet gjekk varmt ;)

Legg igjen ein fin tanke