9. sep. 2020

Gule blomar og ein like gul kjole 🌼🌻

Låg sol over den vakraste øya – her kjem blogginnlegg nr. to med bilete frå Flor & Fjære. Så mange fargerike blomar overalt. Den gule blomsterkjolen min passa perfekt blant dei mange blomane (særskilt alle dei gule blomane, og det heiter jo "gult er kult"). Eg var hoppande glad for å endeleg få oppleve denne spesielle øya. Tenk å ha bursdagsfeiring eller bryllaup der ute, heilt magisk!


Noko av det kulasta var stranda dei hadde laga til midt oppe på svaberget. Å sitje her på ein varm sommardag med bok i fanget, sommarkjole og noko kaldt å drikke, det må vere heilt ypperleg.

Legg igjen ein fin tanke