4. sep. 2020

Rundt Stokkavatnet på tampen av sommaren

Nest siste sommardagen. Ute var det ein skarp vind, men sola varma godt likevel. Lenge sidan me hadde gått ein runde rundt Stokkavatnet, så me fekk med oss broren min på ein gåtur rundt vatnet. Det var visst maratonløp den helga, så gjennom store delar av runden, måtte me dele stien med løparane. Ikkje fullt så koseleg å gå tur som eg hadde tenkt, men det var no herleg å "lofta vedet" uansett. Svanene låg i vatnet, vakre og flotte i solskinet. Kaffi på termos og ein solbrilleselfie ;)


Sollyset og skuggespelet. Trass i maratonløpet, var det ein bra tur. Håper verkeleg me får til fleire sjølv om hausten og regntunge dagar er i anmarsj. Eg vil oppdage meir gatekunst, nye stiar, kjenne sola varme i andletet – kanskje med eit skjerf rundt halsen og med hanskar på hendene – drikke kaffi frå termos og prate med fine folk. Me får sjå, vêret er det ikkje så mykje å gjere med.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så stemningsfulle og fine bilder Silje ;) Sola, svanene, den fine naturen og de blide folkene. Jeg fikk rett og slett lyst å være sammen med dere ;) Ja, til tross for maratonløperne.

Silje sa...

Smiler av den siste delen av kommentaren din, Ida, tihi ;) Men ja, turen var jo bra trass desse løparane. Herleg å kjenne siste rest av sommarsola, helse på svanene og prate i lag med fine personar :D

Legg igjen ein fin tanke