25. sep. 2020

Aurlandsvangen og Vangsgaarden



Siste overnatting i løpet av bilturen vår, var i vakre Aurlandsvangen med utsikt over Aurlandsfjorden. Me hadde ein roleg kveld der me åt middag, las i gode bøker og gjekk litt rundt i gatene. Koselege hus, fine blomar og det var herleg å berre stå nede ved fjorden og nyte utsikta.




Frå Vangsgaarden Gjestgiveri, der me skulle sove for natten, kunne me sjå rett over til eit hustak der ein katt låg og slappa av. Hi, hi, den var så søt der den låg! Vangsgaarden har ei lang historie, og det er jo akkurat slike hotell og overnattingsplassar me liker å besøke. Alltid like stas å berre gå rundt og sjå på alle dei gamle detaljane, sitje i finstova og lese. Ein ypperleg siste bilferiekveld!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

FOR en fantastisk fin tur dere hadde Silje ♥ Jeg er så misunnelig for alle de fine plassene dere overnattet ;) Gamle og historiske hotell er også plasser vi ønsker å besøke. Men kanskje det blir litt av det neste sommer ;) PS. Den pusekatten. SÅ søt der den ligger på taket ♥

Silje sa...

Det blei ikkje den turen me hadde tenkt, men det blei noko anna som var vel så bra! Noreg er altså eit så variert og vakkert land, og slike historiske hotell er alltid som ein liten skatt ♥ Håper de får reist ein liknande tur neste sommar, det er så verdt det :)

Legg igjen ein fin tanke