12. juli 2020

Sundagsliste nr. 300

Heldigvis har det vore ei mykje betre veke på jobb denne veka, og ein av dagane var det fleire som gav oss ros for at me er blide og venlege, ganske så motsett frå førre veke. Det er når eg treff slike menneske at eg kjenner kor glad eg er i å jobbe med kundeservice. Og så har eg byrja å seie "Ding-ding-ding... Mine damer og herrer, ladies and gentlemen, mesdames et messieurs..." over høgtalaren når det er tjue minutt igjen av besøkstida. Folk ute i bassenget smiler og eg synest sjølv det blir kjekkare på jobb. Helga har gått unna i ein fei, for me har vore i lag med ein svoger, svigerinne og tanteungar. Dei er på biltur rundt på Vestlandet, og har vore her i byen dei siste dagane. Me har helst på fine dyr, bada, spelt "UNO" og fotball, museumstur og kaffibesøk på Sola. Så klart har eg ein del andre kjekke punkt på sundagslista, og du kan lese dei rett under:

✦ innflyttingsfest hos eit venepar i går kveld
✦ to søte raude pandaer, den eine stor og den andre liten
✦ bøkene til Auđur Ava Olafsdóttir, og den nyaste – Frøken Island – er like god som dei andre
✦ sjå ein episode av Father Brown, eg diggar den lune humoren
✦ gode ord og kjekk ros frå nokre av badegjestane denne veka
✦ "Port" – eit lite og herleg innlegg inne hos Et katteliv, blant anna Portloe i Cornwall
✦ middagsbesøk på Sola måndagskveld, og Zalo var verkeleg i farta
✦ fyrste bokklubbmøte over nettet i lag med ei veninne og nokon ho kjenner
✦ Loulou, Coco og søte andungar, for ein fin gjeng
✦ helse på dei søte miniatyrhestane (særskilt folen) på Ullandhaug saman med Langhusgjengen
✦ ha, ha, må le av denne som miksar Harry Potter og The Princess Bride
✦ lenge sidan sist, men kjekt å lese femte bok om Vera Stanhope: The Glass Room
✦ nytt kapittel frå den fyrste HP-boka, lese av Matthew Lewis, Helen Howard og Imelda Staunton
✦ og neste kapittel frå same boka, lese av kulaste Hugh Bonneville
✦ stas å kunne vere i svømmehallen aleine i går i lag med besøket frå Austlandet
✦ rosa lys i Ryfylketunnelen – ny farge for kvar gong me køyrer gjennom tunnelen
✦ trist at Ennio Morricone ikkje lenger lever, men veldig fint å høyre litt ekstra på musikken hans
✦ fleire bilete frå juni inne hos Niina, ho er så god på å fange stemningar
✦ tinge overnatting og fortsetje å planleggje bilturen som blir årets sommarferie for vår del
✦ Jonna har publisert ein ny vlog, og den er som vanleg magisk
✦ kjekt å stikke innom flymuseet i dag med folka frå Langhus
✦ etterpå drakk me kaffi, heimelaga saft, åt moffeloffar og spelte "UNO" heime på Sola

Legg igjen ein fin tanke