22. juli 2020
Ny favorittbok og nynorsk krim
Å, eg har lese så mange gode bøker i det siste! Jamt over har dei fleste bøkene eg har lese så langt i år vore bøker eg har kost meg med, som har fått meg til å gråte, eg har ledd og eg har nesten bite negler fordi boka har vore superspennande. The Girl He Used To Know vil nok stå igjen som ein av årets favorittar; så fin, rørande og herleg! Tidlegare i år las eg Døden kjem med bussen av Kroken & Kolden, og den hadde eg fått låne i ein forundringspose frå biblioteket. Artig å lese nynorsk krim! Det viste seg at det var ei av dei nærmaste ekskollegaene mine som hadde plukka ut boka til forundringsposen, for ho veit eg liker nynorsk, hi, hi! Likte den krimboka. Sidan det er fleire bøker i serien, fann eg ut at eg ville lese den fyrste boka, Evig skal døden vera. Kjem nok til å lese dei to andre i serien også. Til slutt: kom gjerne med boktips – det er alltid kjekt å lese noko nytt og anna!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke