17. juli 2020

Små og store søte dyr

Grått ute, mykje regn i lufta. Vêrmeldinga viser endå meir regn i morgon, så foreløpig er planen å slappe av inne med bøker, kaffi, musikk og kanskje ein god film. Førre fredag derimot var sola framme og me var oppe på Ullandhaug for å helse på alle dei fine dyra i lag med tanteungane. Minifolen kom bort for å helse på oss, og alle sa "å, så søt den er!". Og det er akkurat det den er! Søt og sjarmerande er også Zalo. Han var verkeleg i sitt ess då me alle stakk innom Sola ein tur sundag. Så klart ville han vere med å prate, og han landa på hovudet til dei fleste av oss – det er jo der han får best oversikt ;) Å sitje på tærne er også tingen, i alle fall om ein skal tru Zalo, tihi!

Legg igjen ein fin tanke