13. juli 2020
Flyhistorisk museum
Kjempehyggeleg å vere ei heil helg i lag med Langhusgjengen. Me bur fleire timar unna kvarandre, noko som gjer at me ikkje ser dei så ofte, og når dei då tok turen til byen, var det kjekt å kunne finne på fleire aktivitetar i lag. Som eg skreiv i sundagslisteinnlegget var me oppe på Ullandhaug ein tur fredag, i svømmehallen på laurdag, spelte litt fotball etter lunsj, og i går var det flymuseet på planen. Opp gjennom oppveksten var me der ofte om sundagane, for det ligg rett ved Sola lufthavn (med andre ord: nær barndomsheimen). Lenge sidan sist, det må eg innrømme. Det blei ingen vaflar i kaféen sidan me skulle på kaffibesøk rett etterpå, men det var no likevel stas å gå rundt i museet, lese på infoplakatane og sjå på alle dei forskjellige flya: sjøfly, passasjerfly, jagerfly, gamle fly som er så mykje mindre enn dei me er vande med å sjå. Og tenk: om halvannan månad skal me vere med i ei vigsle her, for ho eg skal vere forlovar for skal gifte seg inne på museet. Brudgommen jobbar nemleg der, og dei ønskjer å gjere noko annleis. Trur det blir både fint og stilig!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke