19. juli 2020

Sommarmagasin og vestlandssommar

Berre fem dagar til me har ferie! Kjenner det skal bli godt etter månadar med rare dagar, reise litt vekk frå byen, ut på ein liten bilferie. Så klart klarer eg ei veke til på jobb, til dømes har denne veka vore bra. Det skal ikkje stå på det, men for dei aller fleste av oss har dei siste månadane vore lik ein berg-og-dal-bane, og tre veker der eg kan senke skuldrene eit par hakk trur eg blir bra. Fått lese mykje i løpet av veka – særskilt no i helga (me hadde ingen planar, noko som var ganske så okei) – og elles så har det vore jobb, eg unnagjorde eit par ærend på torsdag og på onsdag etter jobb var det filmkveld i lag med fine folk. Temperaturen ute har dessverre ikkje vore noko å skryte av, og både i går og på fredag bøtta det ned, ein ordentleg vestlandssommar om nokon skulle lure. Vêret var mykje betre i dag og det er jo lov til å håpe på fleire slike dagar. No over til vekas oppsummering:

✦ starte helga med kaffi, ein bit sjokolade og det finaste sommarmagasinet
✦ rosa er ikkje min favorittfarge, likevel er det flott å sjå desse knallrosa blomane langs jobbvegen
✦ innmari artig å høyre heile familien Malfoy (særskilt Tom Felton) lese kap. fjorten frå HP-boka
✦ også kjekt å høyre kapittel femten frå den same boka
✦ må få seie at dei skilta på hønsehuset til mine to fine kollegaer blei skikkeleg stilig
✦ det var dei me besøkte på onsdag: god middag, såg Saving Private Ryan og helste på ein fin pus
✦ to korte videosnuttar med innmari søte koalaer, sjå her og her
✦ lese ut Love and Other Words av Christina Lauren
✦ Mark Williams som Father Brown er berre best
✦ fint å lese ei lita novelle om Lou Clark, eg har jo likt alle dei tre bøkene i serien av Jojo Moyes
✦ hente fleire bøker på biblioteket
✦ kul kontrast mellom det urbane og naturens grøne blad
✦ både kaldbrygga te og staycation høyrest ordentleg bra ut, herlege tips inne hos Et katteliv
✦ bladlilje (Hosta) rett utanfor blokka vår
✦ "Top 10 Improvised Harry Potter Moments" – fordi improvisering kan vere veldig artig
✦ er allereie så glad i armbandet til støtte for Stine Sofies Stiftelse
✦ liten tur rundt Vannassen tidlegare i dag der me møtte på svanefamilien
✦ skotsk høglandsfe er så søte og fluffy
✦ gammalt språk og kjønnsrollemønster, men kjekt å lese ei litt annleis Christie-bok
✦ snart ferie

Legg igjen ein fin tanke