5. juli 2020

Publikumsbading og pustepausar

I sommar har eg fri kvar helg sidan me "berre" har ope for publikum måndag til fredag, men to dagar fri i staden for fire går fort. Heile veka har eigentleg gått fort. Kjempekjekt å vere i gong igjen med publikumsbading trass i ein tysdag utanom om det vanlege: eit par misnøgde kundar som klagar på bookingsystemet (noko me ikkje kan gjere noko med), litt intern diskusjon og ei surrealistisk oppleving der eg måtte uti bassenget etter ein unge som hadde slått foten for deretter å måtte høyre på ei som hadde diverse å klage på medan eg stod der søkkvåt frå topp til tå. Altså, ingen dagar er like når ein jobbar i kundeservicebransjen. Lesetid her heime, liten gåtur i går, musikk på høgtalarane på jobb og stikke opp til hytta på overraskingsbesøk med nybakt brød frå Brustadabakeren i dag, jamt over må eg seie det har vore ei god veke. Eg prøver alltid å tenkje meir på dei fine tinga sjølv om ein slik dag som tysdag alltid sit ei lita stund i tankane. I morgon er det måndag og ei ny veke, eg er klar. I alle fall nesten, må jo poste ei vekesoppsummering fyrst:

✦ klagar ikkje på ein god latte på kafé og den herlege boka Olive, igjen
✦ kjempestas å lese dette intervjuet av kollegaen min på okologisknorge.no
✦ solnedgangen over Mosvatnet, det gylne lyset og endene i det høge sommargraset
✦ innspelinga av songen "Ein blåe dag", stolt av å bu i ein by med eit så bra symfoniorkester
✦ eit lite hobbithus som me tilfeldigvis såg i den botaniske hagen
✦ sjølv om tysdagen på jobb ikkje var den beste, er det ordentleg kjekt å sjå badegjestar igjen
✦ dachshund og piggsvin, stadig like fint å følgje Loulou, Coco og alle venane deira
✦ gøy å lage skilt som no heng på eit hønsehus ute på Hundvåg
✦ bloggen Et katteliv er framleis ein favoritt, berre sjekk ut desse gullstundene og denne fine pusen
✦ tinge leigebil til ferien
✦ ny song frå Markéta Irglová
✦ rådhusveggen med eit kunstverktre, vegg i vegg med svømmehallen
✦ treffe ei veninne på kafé etter jobb fredagsettermiddag, mykje prat og koseleg stemning
✦ fleire junibilete som gir ei fantastisk sommarkjensle, inne hos Niina
✦ synest The Good Luck Charm var forutsigbar, men slutten tok seg no opp om ikkje anna
✦ to herlege videoar av lille Elsa, den aller søtaste koalaen (her og her)
✦ laurdagspizza, Taskmaster og "Alle tiders spill" i går kveld med mannen min og broremann
✦ å dra opp på overraskingsbesøk på hytta i dag tidleg, og så bli der resten av dagen
✦ regn på ruta, men fargerike blomar i ein flott keramikkvase lyser opp på hytta
✦ Kampenturen med villblomar, bra utsikt og flotte stiar

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så koselig at du deler Silje ;) Tusen takk for det ♥ Det hobbithuset var bare så søtt, hyttetur hørtes veldig hyggelig ut, og jeg elsker bloggen til Niina! Takk for at du gjorde meg oppmerksom på den ;) Og håper du får litt mer smil og glede fra gjestene i svømmehallen framover. Det er dessverre sånn at man opplever både óg i servicebransjen som du sier. Selv glemmer jeg aldri en av mine første dager i kaffe og tebutikken når en eldre dame kjeftet på meg for at det var så mange ting jeg ikke visste og kunne hjelpe henne med. Til tross for at jeg hadde "under opplæring-skilt" og alt. Jeg gjorde jo så godt jeg kunne. Neste gang hun kom visste jeg så og si alt, og la ned 200% i at hun skulle bli fornøyd. Hun husket selvfølgelig at hun hadde kjeftet på meg og var ganske stram i maska. Men likevel klarte hun å presse ut av seg " takk for god hjelp" når hun gikk. Hehe, det kostet henne nok litt å si det. Men jeg tror rett og slett at noen er så uheldige å la sine dårlige dager gå utover andre folk. Spesielt de i servicebransjen. Derfor smiler jeg ekstra mye til bussjåføren og de i kassa på Rema. Et stort smil kan endre så mye ;) Sender et nedover til deg Silje ♥

Silje sa...

Bloggen til Niina er ein favoritt, akkurat slik din blogg er ♥ Må jo nesten smile litt av den opplevinga di, for du set ord på korleis det er. Så presist! Heldigvis, til no denne veka har me fått mykje skryt for at me smiler og har tolmod (joda, eit par sure kommentarar, men ikkje slik som førre veke). Og når eg skal gi beskjed over høgtalaranlegget kor lenge det er igjen, legg eg på litt ekstra slik at folk kan smile og le litt av det ;) Sjølv prøver eg også å smile og seie "ha det" til dei i kassa eller ein bussjåfør, det skal ikkje så mykje til. Til dømes dine kommentarar, dei varmar like mykje kvar gong ♥

Legg igjen ein fin tanke