Alle regndropane på graset ute. Lukta av sommarregnet. Og sola som tittar fram. For det heiter jo at etter regn kjem sol. Gjennom heile laurdagen bøtta det ned ute, dropane la seg på alt det grøne. Vandra ein liten tur ute i går, og eg måtte stoppe opp fleire gongar. Kikke litt ekstra på dei klare regndropane som låg der så stille, som skein i sollyset. Innimellom glitrande og lysande.
Legg igjen ein fin tanke