15. juli 2020

Ein barndom utan vald og overgrep

Lenge har eg støtta Stine Sofies Stiftelse med små donasjonar, og til jul gav mamma og pappa ein større donasjon i mitt namn. Eg veit ikkje heilt kva det er, men det er noko med stiftelsen som treff meg. Kanskje den største grunnen er at organisasjonen blei stifta i etterkant av Baneheiasaka, og dei to barna var på min alder då dei blei tatt av dage. Ada Sofie Austegard, mora til Stine Sofie, har sidan dag ein stått på for barns rettar, for at ofre skal ha eit større vern i ei rettsak og at fleire barn skal ha ein trygg og god barndom. Det finst mange gode organisasjonar og stiftelsar å støtte; det viktigaste er å finne ei sak du kjenner treff litt ekstra. Noko du brenn for. Til bryllaupsdagen ønskte eg meg dette armbandet i sølv. Det viser logoen til stiftelsen, både som tre S-ar for Stine Sofies Stiftelse, og som ein trygg vaksen i midten med eit barn på kvar side. Enkelt, men viktig armband som for meg betyr mykje. Eit armband med visjon om ein barndom utan vald og overgrep.

Legg igjen ein fin tanke